Årsmøtet, som vart arrangert av Sunndal Mållag, vart gjennomført digitalt via Zoom. Prisen vart difor delt ut til prisvinnarane på førehand. Det skriv Nordmøre Mållag i ei pressemelding.

I ei videohelsing til årsmøtet fortalte ekteparet Brørs at dei sette stor pris på tildelinga.

– Eg har jobba mykje med både nynorsk og dialekt, mellom anna gjennom teaterarbeid i 55 år. Så eg trur nok at eg har sett litt spor etter meg, seier Styrkår i helsinga.

Han held fram:

– Eg er fødd og oppvaksen i Surnadal, og sett Hans Hyldbakk høgt, også i synet hans når det gjeld målbruken. Han slavar ikkje etter normalen, men tenkjer litt på korleis vi pratar på Nordmøre, og brukar ein del ord og uttrykk som er typisk surnadalske.

På spørsmål om ho er samd i det, smiler Kjellaug, før ho svarar slik:

– Nesten. Vi har diskutert dette ein god del, og eg er vel ein god del meir konservativ enn Styrkår. Eg seier «me» og skriv «drøymer» og «strøymer», dei orda har ikkje Styrkår i si dialekt.

Dei to slår fast at språk er-, og alltid har vore, veldig viktig for dei.

– Og det er sjølsagt nynorsken som er nærast oss, seier Kjellaug.

Grunngjevinga for prisen:

«Målprisen 2020 går til Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs

Prisvinnarane brukar nynorsk på ein framifrå måte, både gjennom arbeidslivet som lærarar, i allsidige kulturaktivitetar på fritida og i ei aktiv pensjonisttid.

Dei har hatt tillitsverv i Surnadal Heimbygdlag og Nordmøre Mållag i mange år, og dei har gjort ein stor innsats for språk og kultur i Surnadal og på Nordmøre.

Kjellaug og Styrkår har begge vore bidragsytarar til «Du mitt Nordmøre» der Kjellaug også var leiar i skriftstyret i fleire år på 1990-talet. Den nyaste artikkelen hennar handla om Fjelltrimmen 2018, noko som viser til ei anna stor interesse, fjell og friluftsliv.

Styrkår har dessutan skrive fleire bøker, slik som Svorkahistoria og jubileumsboka til Tordenskjold Songlag, og han medverka til boka «Ville Blomstra». Han er også svært aktiv med revy- og amatørteaterverksemd i bygda, der han stadig er i gang med prosjekt som vi gleder oss til å sjå.

Kjellaug og Styrkår er verdige vinnarar av Målprisen 2020.

Nordmøre Mållag ønskjer Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs til lukke med målprisen for 2020.»

Desse har fått målprisen til Nordmøre Mållag:

1979: Avisa Driva 1980: Hans Hyldbakk 1981: Martin Lamvik 1982: Ottar Roaldset 1983: Guttorm Bugen 1984: Ingeborg Å. Vatten 1985: Gunvor Hals 1986: Bernt Bøe 1987: Surnadal BU 1988: Henning Sommerro 1989: Lars Mogstad 1990: Tove Fugelsnes 1991: Per Helge Malvik 1993: Berta Aspås/J.I.Håbrekke 1994: Tor Erik Jenstad 1995: Odin Hals 1996: Peggy Kruse 1997: Einar Sæter 1999: Nils Tore Leivdal 2000: Røv Mølle 2001: Liv Inger Mæhle 2002: Anders O. Bergem 2003: Kirsti Orheim Ås 2004: Alf Ramsøy 2005: Reidun Dahle 2006: Lars Mæhle 2007: Svein Sæter 2008: Sverre Hatle 2009: Ole P. Pedersen 2010: Nils Ulvund 2011: Ikkje tildelt 2012: Mette Karlsvik 2013: Jenny Klinge 2014: Helge Husby 2015: Rolf og Solveig Hindhammer 2016: Øystein Rangøy 2017: Lars Steinar Ansnes 2018: Ann-Ingeborg Grimsmo 2019: Unni Boksasp og Gro Kjelleberg Solli 2020: Kjellaug Handegard Brørs og Styrkår Brørs