Målprisen til folkemusikarar

Leiar Åsmund Ormset i Nordmøre Mållag saman med målprisvinnar Gro Kjelleberg Solli. Foto: Privat

Leiar Åsmund Ormset i Nordmøre Mållag saman med målprisvinnar Gro Kjelleberg Solli. Foto: Privat

Målprisen frå Nordmøre Mållag for 2019 er tildelt to personar med same bakgrunn.

DEL

Overrekkinga skjedde på Nordmøre Mållag sitt årsmøte i Surnadal i helga.

Gro Kjelleberg Solli og Unni Boksasp får prisen for musikken sin og for innsatsen med CD-en til boka «Enno så segla ho Magnill». Dei song inn songane og var med på produksjonen.

Begge har i mange år vore dei fremste formidlarane av den nordmørske folkemusikktradisjonen.

Det er vanleg at målprisen blir utdelt på årsmøtet. Unni kunne ikkje møte, men ho får prisen utdelt på eit arrangement neste søndag.

Sjølve målprisen er eit diplom og eit keramikkfat laga av Sigrun Hesjehagen

Artikkeltags