Gå til sidens hovedinnhold

Manglande habilitet ein gong til

Meninger

Folkestyret og velferdsstaten vår er laga på tillit mellom folk flest og dei som styrer. Kjem tilliten vekk, vil velferdsstaten falle i grus og trua på folkestyret forvitre.

Verdiar som openheit, klåre rollar og etisk bevisstheit er viktige for at folk flest kan ha høg tillit til kommunane, vår næraste tenesteytar og myndigheit.

Nasjonalt regelverk legg til rette for ei tillitskapande kommunal forvalting. Blant annet skal reglane om inhabilitet i Forvaltingslova og kommuneloven gjere sitt til at forvaltningsvedtak blir gjort på objektivt grunnlag, utan påvirkning av utanforliggande hensyn.

Formannskapet i Sunndal og kommunedirektøren øydelegg tillit rett som det er.

30. september vedtok formannskapet einstemmig endringar i reguleringsplanane på Sande. Øvre grense for kor mykje ein kan bygge på tomtene vart endra frå 25% til 40%. Endringa gjer at eigedomane blir meir verd.

Ordførar Refstie er grunneigar i området som er omfatta av endringane. I vinter fekk han som dei andre grunneigarane i planområdet, varsel frå kommunen med forslaget til endringar. Han vart beden om å sende eventuelle merknadar innan 7. april.

Varselet fekk han ikkje fordi han er ordførar, men fordi han grunneigar og part i reguleringssaken.

Forvaltingslova § 6 seier;

En offentlig tjenestemann er ugild til å tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller til å treffe avgjørelse i en forvaltningssak

a. når han selv er part i saken ……….

Likeså er han ugild når andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet; blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning.

Habiliteten til Refstie vart drøfta og etter råd frå kommunedirektøren vart han einstemmig gjort habil. Den einaste som var litt tvilande og kom med spørsmål, var Germain Schmid (ære til han).

Etter å ha sett formannskapsmøtet på kommuneTV vart eg nysgjerrig og gjorde nettsøk på emnet.

Eg fann som eg trudde, at det er vanleg at politikarar er grunneigarar og at alle vart inhabile i reguleringssaker for eigen eigedom.

2021-02-04 vedtok kommunestyret endringar av reguleringsplana, Orabekken, for Grødalen. Kommunestyremedlem Halvard Hagen vart inhabil som rett er, då dotter hans er grunneigar i planområdet.

Konklusjonen er Sunndal er den einaste kommunen i landet der formannskapet vedtek at somme kan vere med og vedta reguleringsplan for eigen eigedom.

Her er nokre peikarar til reguleringssaker med inhabile grunneigarar;

Statsforvaltaren Buskerud side 14,

Oppdal Gjevillvassdalen,

Levanger opplæring side 10,

Øyer, Tydal, Sortland, Rollag

Det skal vere ryddigheit i politikk og forvalting.

Kommentarer til denne saken