Ja til nynorsk i Tingvoll!

Tingvoll kommune må ha eit målmål på minst 25% av begge skriftsspråka

Tingvoll kommune må ha eit målmål på minst 25% av begge skriftsspråka Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Heilt sidan Tingvoll kommune vedtok å vere ein sokalla «språknøytral» kommune for nesten 40 år sidan har nynorskdelen stupa både i skulane og i kommunen elles. Skal ikkje Tingvoll vere ein kommune med betre løysningar?

Då må noko gjerast, - ja til minst 25 % nynorsk i Tingvoll!

Det skjebnesvangre målvedtaket

Vi lyt attende til 1919 då Tingvoll vedtok å ha nynorsk som språk i skulen. Etter det sto nynorsken framifrå sterkt i Tingvoll i fleire tiår, fram til nynorsken i Tingvoll sitt skjebneår 1981.

I 1981 vedtok Tingvoll kommune nemleg å ha ei «nøytral» målform, sjølv om ein monaleg del av innbyggjarane nytta nynorsk som skriftsspråk. Det skjebnesvangre målvedtaket skulle vise seg å få fatale konsekvensar i lang tid etterpå. For sjølv om alle logiske og pedagogiske grunnar tala for at nynorsk skulle vore skriftsspråket i kommunen vår, sit eg her 40 år seinare og ser ut over eit bokmålsland som eg ikkje kjenner meg att i.

Vil ha meir nynorsk i lokalsamfunnet

Det å vere nynorskbrukar i Tingvoll er vanskeleg, og ein skal leite lengje før ein finn noko nynorsk i lokalsamfunnet vårt. Difor vil eg, for nynorskbrukarane og innbyggjarane i Tingvoll elles sitt beste, at nynorsken sin posisjon i Tingvoll vert tydelegare i tida framover.

Eg vil sjå nynorske bossbytter, reise på nynorsk kassevandring og eg vil lese nynorske plandokument. Eg vil at avstandsmerka skal stå på nynorsk, eg vil ha nynorskbibliotek og vil søkje meg jobb via nynorske jobbannonsar. Eg vil ha ein grunnskule der det er enkelt å vere nynorskelev, eg vil ha nynorske kvitteringar på butikken og eg vil ha nynorske brev.

Språknøytral = Fleirspråkleg

No lyt Tingvoll kommune og politikarane ta ansvar for å gjere nynorsken meir synleg i samfunnet. Språknøytral tyder nemleg ikkje automatisk bokmål, men heller fleirspråkleg. Ein lyt byrje å nytte nynorsk i alle samanhengar i mykje større grad samanlikna med kva ein gjere i dag. Difor bør Tingvoll må ha eit målmål på minst 25 % av begge skriftsspråk.

For om Tingvoll kommune skal vere kommunen for bedre løsninger, er det fyrste ein lyt gjere å skrive «betre» og «løysingar».

Ja til meir nynorsk i Tingvoll!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken