Kor mykje er barna våre verde?

Åsmund Ormset. (Arkiv)

Åsmund Ormset. (Arkiv)

Av
DEL

Leserbrev Tingvollsamfunnet står framfor store økonomiske utfordringar også denne budsjetthausten. Foreldreutvalet ved Tingvoll barne- og ungdomsskule forventar at politikarane syter for at ungane våre ikkje blir dei store taparane.

Tingvoll barne- og ungdomsskule (TBU) ber preg av manglande vedlikehald over tid. Leikestativ må demonterast av di dei er farlege for elevane, delar av uteområdet veks igjen og benkar rotnar opp. No kjem det framlegg om kutt i undervisinga i tillegg.

Rektor skriv at konsekvensane for skulen om kutta som er skisserte av oppvekstsjefen blir vedtekne er at ein må slå saman klassar i fleire fag, og det vil ikkje bli ekstra timar til tidleg innsats. Vi meiner dette vil setja framtida til ungane våre på spel.

Elevtala ved TBU vil liggja tett oppunder lærarnorma på 15 elevar per lærar også framover. Dersom ein må slå saman klassar, vil ein lærar vera åleine med 26-27 elevar, og dette med elevar frå to ulike klassetrinn med svært ulikt utgangspunkt. TBU har allereie den lågaste lærartettheita av skulane i kommunen, og dette på ein skule med mange ulike elevtypar. Vi har asylsøkarar og beredskapsheimar som gjer at klassane får og mistar elevar på kort varsel. Dette krev kompetanse og fleksibilitet frå lærarane. Det får ein ikkje ved å driva ein skule på minimumsbudsjett.

Å fjerna timane til tidleg innsats vil seia at det ikkje blir styrking i lesing og skriving. Vi veit at tidleg innsats er med på å førebyggja skulevegring og det er særs viktig for å få alle elevane til å føle meistring. Ein elev som i staden for meistring kjenner på daglege nederlag vil fort vegra seg for å gå på skulen, og det er korkje god skulepolitikk eller god kommuneøkonomi at ein elev droppar ut av skulen.

Lærarnorma er meint som eit minimumsnivå for skuledrift. Vil Tingvoll drive skulen sin på eit minimumsnivå? Er ikkje ungane våre meir verde enn som så? Vi kan leva med dei rotne benkane, for vi kan sitja på bakken, men vi kan ikkje sitja der roleg å sjå på at ungane våre ikkje får den opplæringa dei treng.

Vi forventar at politikarane set seg inn i kva konsekvensar kutta får for dei ulike skulane, og syter for forsvarleg drift ved Tingvoll barne- og ungdomsskule.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken