«Ikkje rør abortlova. Min kropp, ikkje Erna sitt forhandlingskort»

Av
DEL

Leserbrev8. mars nærmar seg og dessverre er abortlova endå ein gong ei viktig kampsak. Hovudparole for 8. marskomiteen er «Ikkje rør abortlova. Min kropp, ikkje Erna sitt forhandlingskort».

Sjølvbestemt abort var den store saka som prega 8. mars på 70-talet. Her var det steile frontar, også på Sunndalsøra, både på debattmøte og i avisspaltene. Dette var ei sak som engasjerte mange. I mai 1978 kom abortlova. Ein stor siger for kvinnerørsla. Men den borgarlege regjeringa har nyleg innskrenka retten til sjølvbestemt abort.

Erna Solberg og Kjell Ingolf Ropstad meiner at kvinner som bestemmer seg for å søkje abort, skal stå til ansvar for «sorteringssamfunnet», og at det er rimeleg at dei skal måtte bruke personlege grunnar som økonomi, livssituasjon og psykisk helse, og krysse fingrane for at nemnda synest det er «gode nok grunnar». Å påføre skuld og skam, og å presse kvinner til å gjennomføre svangerskap er inga god løysing. Det er ikkje nødvendig å gjere livet til kvinner (og familiar) som allereie er i ein vanskeleg situasjon, endå vanskelegare

Å bruke abortlova i forhandling om regjeringsmakt er ikkje greitt. Skal lova diskuterast, må det gjerast på ærleg vis, og ikkje som ledd for å oppnå noko anna. Lova berører krevjande etiske spørsmål ein skal ha respekt for. Vi meiner at kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp må liggje fast. Kvinner er i stand til å ta sitt eige val.

Denne saka viser at det er viktig å kunne ha ei politisk 8. marsmarkering. Då er det unaturleg at parti som er for sjølvbestemt abort, og parti som er imot sjølvbestemt abort har eit felles arrangement 8. mars. Men sjølv om det er unaturleg at alle partia samarbeider om å arrangere ei felles 8. marsmarkering, så er sjølvsagt folk frå alle parti velkommen.

Abortsaka er ikkje den einaste saka dette året. Komiteen har også vedteke parola «La voldsutøvere bære byrden. Bruk omvendt voldsalarm!» I tillegg er likelønn dessverre framleis ei aktuell sak.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags