Fleire unge i arbeid

Fredric Holen Bjørdal.

Fredric Holen Bjørdal.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevArbeidarpartiet er bekymra for at så mange unge - særlig på Vestlandet – står utanfor arbeid og utdanning.

Viss ungdom blir ståande utan arbeid og opplæring for lenge, så risikerer dei å bli ståande utanfor heile livet. Det er svært alvorleg for den det gjeld. Og som samfunn har vi heller ikkje råd til det. Derfor går Arbeidarpartiet til val på ei stor satsing for å få unge ut av ledigheit og inn i utdanning og arbeid.

Rundt éin av ti unge er utanfor arbeid og opplæring. Vi veit dette gjeld mange i Møre og Romsdal. Og utfordringa er brei; Alt for mange får ikkje læreplass og studieplass, når arbeidsløysa er høg er dei unge særleg utsatt, og vi ser ei stor auke i unge uføre. Dette er ei av dei største utfordringane vi har i åra framover. 

For å sikre den kompetansen arbeidslivet treng for framtida og gje den enkelte ungdom den kompetansen han eller ho treng for å få jobb, vil Arbeidarpartiet gjennomføre eit løft for yrkesfaga. Vi må få på plass eit meir forpliktande samarbeid mellom staten, skuleeigarane og partane i arbeidslivet. Som ein del av dette forpliktar Arbeidarpartiet seg til å bevilge minst ein yrkesfagmilliard i neste periode for å sikre betre kvalitet i opplæringa, tettare samarbeid med arbeidslivet om deira behov og læreplass til alle som er kvalifisert for det. 

Det er feil bruk av ressursar å la unge som vil noko, som har ein plan, ikkje få sleppe inn i eit arbeidsliv som treng kompetanse. Og det er ikkje godt nok at unge ikkje får fullført utdanninga si fordi regjeringa ikkje gjer nok for å sikre nok læreplassar.

Så er det for mange i Møre og Romsdal som vil ta høgare utdanning, men ikkje får moglegheita. Mange som opplever at det er vanskeleg å få jobb, og vil auke sin kompetanse, men ikkje får det. Sidan 2013 har antall kvalifiserte søkarar som vil studere i fylket vårt, men som blir avvist, auka med over 1200. Ti tusen fleire enn for fire år sidan står utan tilbod. Det er ikkje handlekraft. Og det får i alle fall ikkje fleire i arbeid.

Det er alvorleg at regjeringa ikkje har satsa meir på studieplassar når fleire enn nokon gong vil studere, og vi har rekordmange unge arbeidsledige. I Møre og Romsdal har vi gode og framtidsretta studietilbod. Det er viktig for oss at folk studerer i fylket, fordi vi veit at jo fleire som studerer her, jo fleire vil busetje seg her. 

Arbeidarpartiet lovar at vi vil sjå eit taktskifte innafor opplæring og utdanning om vi får ta over regjeringskontora til hausten. Vi vil gje mange fleire moglegheit til å ta utdanning. Det må bli slutt på mangelen på studieplassar på universitetet, høgskulane og fagskulane i fylket. Vi vil legge opp til investering i kunnskap for framtidas næringar, teknologiutvikling og velferdsstaten sine profesjonar. Derfor vil vi opprette tusenvis av nye studieplassar, mange av desse vil kome i Møre og Romsdal.

Dei siste fire åra har forskjellane mellom folk blitt større. Fleire står utan arbeid. Det blir skapt få nye jobbar. I land etter land ser vi at høgrepolitikk fører til auka ulikheit, meir urettferdigheit og mindre samhald. Vi kan mykje betre enn det i Noreg. Arbeidarpartiet vil bygge på det beste ved landet vårt. Små forskjellar, like moglegheiter og eit fellesskap som gjer deg sterkare.

Det viktigaste i Noreg må vere det viktigaste i politikken. Og ikkje noko er viktigare enn korleis det går med barna og dei unge.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags