Store oppgåver, for lite pengar

Fredric Holen Bjørdal.

Fredric Holen Bjørdal.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevKommunane i Møre og Romsdal har store, uløyste oppgåver innafor skule, eldreomsorg, barnehage, helsetenester og barnevern. Mange lokalpolitikarar og tilsette har store ambisjonar for kvaliteten på velferdstenestene kommunane skal levere. Diverre har regjeringa endå ein gong lagt fram eit svakt økonomisk opplegg for kommunane, som vil gjere desse ambisjonane krevjande å nå.

Trass i ostehøvelkutt, nedskjeringar og stram budsjettdisiplin strekk ikkje ressursane til, det er ikkje nok pengar i kommunesektoren til å løfte kvaliteten på velferd, omsorg og skule.

Arbeidarpartiet vil difor gje kommuneøkonomien eit tiltrengt løft, med 2 milliardar kroner meir enn regjeringa legg på bordet. I tillegg går vi mot regjeringa si ekstrarekning til kommunane for ressurskrevjande tenester i pleie og omsorg. For kommunane i Møre og Romsdal vil det seie over 100 millionar meir til neste år med vårt opplegg. Desse pengane kunne gått til fleire barnehageplassar, fleire lærarar og tidleg innsats i skulen, styrkja eldreomsorg og førebyggjande helsearbeid for born og unge.

I tillegg vil Arbeidarpartiet gje fylkeskommunane større økonomiske musklar til å kunne styrkje innsatsen på viktige område. Med vårt økonomiske opplegg vil fylkeskommunane kunne fornye og ruste opp fylkesvegnettet, gje eit betre kollektivtilbod og styrkje yrkesfaga og vidaregåande opplæring. Til dette prioriterer vi om lag 1 milliard kroner meir enn regjeringa. 

Kommunane er dei fremste leverandørane av velferdstenester i folk sin kvardag. Ein føreseieleg og god kommuneøkonomi er difor noko av det viktigaste Stortinget kan bidra med i kvardagslivet til enkeltpersonar og familiar. Kvart einaste år i førre stortingsperiode prioriterte Arbeidarpartiet meir pengar til kommunesektoren enn regjeringa og stortingsfleirtalet. Slik kjem vi til å halde fram i denne perioden òg, for å styrkje kommunane sin økonomi og gje innbyggjarane i Møre og Romsdal eit betre tenestetilbod.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags