Alarmerande tal for sjukefråværet i Sunndal kommune

Einar Mo. (Arkiv)

Einar Mo. (Arkiv) Foto:

Av
DEL

LeserbrevFerske tal for første kvartal 2019 viser at sjukefråværet i Sunndal er gledeleg lågt, 3.9%, beste målinga i Møre og Romsdal. Mange har gjort mykje rett over lang tid.

Registreringane for Sunndal kommune som arbeidsgjevar teiknar derimot eit heilt anna bilete med eit sjukefråvær på heile 8,6%. Dersom kommunen sysselsett grovt rekna 1/5 av dei yrkesaktive i Sunndal, betyr dette at sjukefråværet for kommunalt tilsette ligg meir enn 3 gonger høgare enn for resten av dei som er i arbeid her. Fråværsprosenten for kommunen sine arbeidstakarar låg også på same nivå i 2018.

Det er da naturleg å stille spørsmål om kva som ligg til grunn for denne enorme differensen mellom kommunen sine tenesteområde og andre arbeidsplassar i Sunndal. Vi veit at god tilrettelegging for fysisk og praktisk utføring av arbeidsoppgåvene er viktig, like så korleis arbeidet blir organisert. All erfaring tilseier at dei psykososiale tilhøva ofte spelar ein like stor rolle. Godt arbeidsmiljø gir positive utslag både for arbeidstakar og arbeidsgjevar, og tilfører samfunnet elles betydelege gevinstar.

Sunndal kommune har lenge vore i gang med ei kartlegging av det psykososiale arbeidsmiljøet. Ved fleire høve har vi i kommunale møte etterlyst korleis desse registreringane foregår og kva funn som blir gjort. Så langt har vi ikkje fått noko svar, og mange ventar i spenning både på resultat og kva tiltak kommuneleiinga vil ta i bruk. Og det er liten tvil om at dette hastar. Slik tilstanden er no, tærer dette alvorleg på mange tilsette og kostnaden er tilsvarande dryg for kommune og samfunn. Kommunal leiing og politikarar har eit stort ansvar for å leve opp til målet om at Sunndal skal væra ein attraktiv stad både for arbeid og busetting.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags