KrF vil ha snarleg avgjerd om mottak

Arne Drøpping. (Arkiv)

Arne Drøpping. (Arkiv)

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerSunndal KrF ønsker med dette å bidra til prossen fram til drøftingssak i ØP 13/3.

Eg har med stor interesse lese innlegga som Øyvind Vådahl har kome med. Fram til no har eg vel vore ein av dei tause politikarane som han har kritisert.

Eg har vorte meir og meir usikker på om det eg var med på i møtet på november var rett. På vårt årsmøte 28.febr tok eg opp dette spørsmålet. Eg skjønte at dei andre i partiet hadde same tvil. Ledar i Sunndal KrF, Ingunn Karijord, inviterte Øyvind til eit gruppemøte/styremøte saman med oss om kvelden 8. mars.

Det var både nyttig og utfordrande å samtale med ein som har reist såpass sterk kritikk mot administrasjonen og oss politikarane som var med på dette. At UDI også seier at det har vore svært lite problem med slike mottak må vi også merke oss.

Eg tykkjer det er spesielt interessant at Øyvind meiner at det store mottaket vi har lagt ned, hadde langt høgare risiko for lokalsamfunnet enn det som ev vil kome.

At dette dreier seg om mange arbeidsplassar der Sunndal er kjent for å ha god kompetanse må også vektleggast.

Styret i Sunndal KrF samla seg om denne konklusjonen: "Styret ønsker å arbeide aktivt for at saka blir utreda for ei snarleg avjerd i politiske organ."

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags