Spørsmål til Sunndal kommune: Barnefattigdom/utlånssentral - kva skjer?

Arne Drøpping.

Arne Drøpping. Foto:

Av
DEL

LeserbrevI kveld tysdag 12. februar har eg sett eit flott program på NRK1 om frivilligsentralen i Nesset, og eg vil gjerne gratulere Nesset med førsteprisen i forbrukerrådets kommunetest i 2019. Det går godt an å lære noko av mindre nabokommunar.

Ledar i Sunndal KrF, Ingunn Karijord, og eg var mai 2018 på besøk i Nesset for å sjå og lære noko om utlånssentralen der. Det førte til ein interpellasjon på juni i Sunndal kommunestyre som førte fram til dette einstemmige vedtak:

«Kommunestyret ber administrasjonen utrede drift av frivilligsentralen og muligheter til å kome i gang med ein utlånssentral. Dette bør kome i gang tidleg på hausten 2018 slik at Sunndal kommune er klar til å søke om midlar mot barnefattigdom for 2019.»

På novembermøtet i kommunestyret spurte eg om det kom til å skje noko med dette før fristen gjekk ut. Eg fekk ikkje noko svar.

På desembermøtet spurte eg om det hadde skjedd noko. Fekk ikkje noko betre svar da.

No vel eg å stille spørmålet i avisene. Skjer det noko i forhold til barnefattigdom/utlånssentral i Sunndal. Eg er jo ikkje åleine som lurer på det.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags