Derfor slår vi ring rundt Øksendal barnehage

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevKonsulentfirmaet KS-Konsult har fått eit oppdrag frå Sunndal kommune om å lage ein ny barnehage- og skulebruksplan. Planen er no lagt fram, med tilrådingar og forslag som vil vera svært dramatiske for lokalsamfunn i Sunndal dersom dei skulle bli gjennomført. For oss i Øksendal, som opplevde å miste skulen i 2013, er det med vantru vi høyrer at det no kjem forslag om å legge ned barnehagen også. Les ein rapporten frå KS-Konsult, kan det virke som om konklusjonen er at sentralisering er det einaste som gjeld.

Det blir innleiingsvis i planen påpeika at Sunndal kommune er ute etter å redusere kostnadene sine, blant anna i skulestrukturen, men KS-Konsult prøver også å legge føringar for kva utviklings- og læringsmiljø som er dei beste for barn. Barnehage- og skulebruksplanen greier likevel ikkje å finne forskning som kan brukast til å fastslå at ein større barnehage i sentrum er betre for småbarn enn ein mindre barnehage i nærmiljøet til ungane.

Noko av det mest positive med å ha barnehage i eit bygdesamfunn er lite vektlagt i planen. Det blir rett nok nemnd at små grupper er bra for at dei minste barna skal bli kjente og føle seg trygge i barnehagen. Men kva med det viktige temaet identitet? Å tilbringe dei første åra i nærmiljøet sitt, der ein bor, må da vere noko svært verdifullt å ta med seg vidare i livet? At nærmiljøet i ei bygd er annleis enn i sentrum, gjer det ikkje mindreverdig. Å kunne utforske naturen rundt seg til ulike årstider, skulle vera like bra som å vera i meir urbane omgivelsar når ein er i førskulealderen. Verdifullt er det også at barnehagen i Øksendal er opptatt av å ha eit aktivt samspel med bygdesamfunnet elles, i form av besøk, turar og tilstelningar. Lag og foreiningar har kontakt med barnehagen. Når ungane i Øksendal og Jordalsgrenda er 6 år, startar dei på Tredal skule. Da har det kanskje ein verdi at dei er kjent med kvarandre og med andre ungar frå bygda på omtrent same alder?

Foreldre med småbarn i Øksendal er svært fornøgd med barnehagen sin. Omdømmet er godt, det er knapt ledige plassar. Vi som står bak dette skrivet ønsker ikkje å bagatellisere verdien av fagkunnskap og forskningsbasert praksis i barnehage og skule. Vi forstår at god leiing, kursing og fagmiljø er viktig. Likevel meiner vi at fokuset ikkje må bli for snevert retta mot «stordrift» i sentrum. Når KS-Konsult omtalar Løykja skule, med meir enn 50 elevar, som ein liten skule som kan leggast ned, er det uttrykk for ei haldningsendring som politikarane ikkje bør la seg styre av. Også mindre skular og barnehagar kan ha sine klare kvalitetar, og det finst også forskning som kan vise til dette. Og det er vel ikkje slik at dei små barnehagane er heilt overlatne til seg sjølv? Øksendal barnehage er allereie ei avdeling under Tredal, og kan dra nytte av eit større fagmiljø blant anna gjennom dette.

For bygdene Øksendal og Jordalsgrenda er det uhyre viktig å behalde barnehagen. Vi vil kjempe for å ta vare på denne pulsåra i eit lokalsamfunn som har opplevd tap av både skule og butikk dei siste åtte åra. Vi vil merke oss kva dei politiske partia meiner om saka, og kva prioriteringar dei gjer i pengebruken. Prinsippet som vart lagt til grunn da skulesakene var oppe i 2013 var at ingen bygder skulle miste alt, det vil seie både skule og barnehage. Vi håpar og trur at politikarane står fast på dette gode prinsippet også i framtida.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags