Korfor er ordføraren i Porsgrunn så glad?

Av
DEL

LeserbrevEr det fordi han er lege, tidlegare statssekretær i Helsedepartementet og veldig glad for at Grenland kan bli kvitt tusenvis av tonn med farleg avfall?

Grenland er Norges største industriområde og sentrum for petrokjemisk industri. Petrokjemiindustrien i Grenland er som verftsindustrien hos oss på Nordvestlandet.

Når du leverer inn maling, white sprit eller trykkimpregnert trevirke mm. til avfallsselskapet havna det til slutt i Norcem sin sementfabrikk i Brevik (Dalen Portland) i Grenland. Ditt farlege avfall blir energigjenvunne for å lage sement og tatt forsvarleg vare på. Dette er organisk farleg avfall og nokke blir og gjenvunne via destillasjon.

Når du kildesorterer på Nordmøre og i Romsdal så går ein del av dette avfallet til forbrenning (energigjenvinning) i utlandet. Aska herifrå kjem tilbake som flygeaske og blandes med om lag 200 tusen tonn svovelsyre ved Kronos Titan i Fredrikstad før det fraktast på lekter over Oslofjorden til Langøya. Der er det snart fullt og tanken er å frakte alt dette pluss meir til hitover til Molde. Dette er då eit slags gipsliknande stoff og er rekna som farleg avfall.

Men som det står i eit lesarinnlegg i Fredrikstad Blad: «Renser de sin syre og gjenvinner, har de ingen legitimitet i å fortsette å importere farlig flyveaske med tungmetaller og dioksiner til å nøytralisere Kronos Titan sin syre i et krater på Langøya».

Store deler av dette farlege avfallet er importert og det kan hende at Harald Storvik og Veidekke er på «sporet av ny forskning og teknologi som vil være i stand til å redusere mengden flyveaske fra avfall i fremtiden, som følge av materialgjenvinning og sanering» som det heiter i ein artikkel i Avfall Norge.

Nesset kommunestyre har i perioden der Molde, Misund og Nesset har jobba seg i hop på område etter område butte opp alle tre kommunane til å ta i mot farleg avfall. Det er ikkje urimeleg at kommunestyret i Molde kommune på nyåret får ta ei full handsaming av saka. Er det slik tilhengarane seier så blir det vel ikkje så vanskeleg å få fleirtal i kommunestyret?

Eg trur at når ordførar Robin Kåss er glad er det fordi han som leiar i Grenlandsrådet har blitt kvitt ei kjemikalie frykt mange i Grenland går å ber på. Eg vil ikkje at nordmøringane og romsdalingane skal ta over denne børa.

For SV er det viktig:

  • Hindre at avfall oppstår. Det avfallet som skal til Raudsand er mykje flygeaske frå forbrenningsanlegg. Vi må inn i ein sirkulærøkonomi som ikkje omfatta forbrenning av avfall som laga denne aska.
  • Ombruk og deretter materialgjenvinning må prioriterast.'
  • Spesialavfallet som blir borte i Norge dreier seg om tusenvis av tonn og arbeidet med å få dette samla inn må prioriterast.
  • Her er det viktig å gjere produsent og selger ansvarleg. Bransjeavtalane må skjerpast kraftig og prinsippet om forureinar betalar likeins.
  • Å lage ein «nasjonal» dumpeplass er ikkje spesielt lurt ut i frå at det er viktig å behandle avfallet nærast muleg der det oppstår.
  • Gjenvinning er ei stor næring – omlag 10 milliardar i omsetting og 8 tusen ansatte. Korfor frakte avfallet bort når det skaffar arbeidsplassar lokalt? Alle desse arbeidsplassane bør vere der avfallet oppstår og kanskje nokken få på sentralanlegg.
  • Så kan det hende at Storvik har nokken idea som er bra i høve gjenvinning og sirkulærøkonomi, men eg er redd at storvinsten her ligg i å skaffe ei ny Langøy som ein kan dumpe avfall i. Der ligg pengane. Og kan ein halde fram med dumpinga så treng ein ikkje å hindre at avfall oppstår.
  • Det ryddast opp i Bergmesteren - ikkje vore kvittert ut sidan eg spurte Brende om dette i Stortinget tidleg 2000-tal. Men sikkert gjort greie for i planane.
  • Det kan vere muleg med vidare drift i Nesset, men ikkje frakte farleg avfall frå der det oppstår på Austlandet/utlandet og hit til Molde.
  • Eg skulle ønske at det hadde vore Hydro standard på Rød og på Raudsand. Alt dette skjer og har skjedd mellom anna fordi Norsk Hydro med milliardoverskot har kunna lagt ut handsaming av avfallet sitt til andre.
Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags