Nei til deponi for farleg avfall på Raudsand

Av
DEL

LeserbrevSenterpartiet er sterkt imot etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand. Vi krev at styresmaktene undersøker situasjonen i dei tidlegare gruvene og ryddar opp og sikrar området mot meir forureining. Det er heilt uakseptabelt av Staten å selje eigedommen utan at dette er gjort, og vi meiner det ikkje kan vere lov (Avhendingslova).

Planane om deponi – både i hallane og i opne deponi - fører med seg betydeleg risiko for utslepp og forureining, både ved transport, mottak og permanent lagring i fjell. Vi kan ikkje sjå at det er lagt fram gode nok løysingar mot lekkasjar ved avfallshandtering på land og frå lagring i fjell over tid.

Risikoen for uhell ved lang transport av farleg avfall langs kysten er undervurdert, og plasseringa av eit resirkuleringsanlegg og deponi så langt unna der avfallet blir produsert er ikkje i samsvar med sirkulærøkonomiske prinsipp. Planen er også i strid med den felles sjøområdeplanen for Nordmøre. Alle nabokommunane som grensar til fjorden har reist motsegn, slik at det er ei overkøyring av lokaldemokratiet å gje løyve til dette.

Vi har allereie nok kunnskap om risikoen ved etablering av eit deponi for farleg avfall på Raudsand til å vite at det vil gje eit negativt omdømme for andre næringar som vi vil satse på, som landbruk, havbruk og reiseliv.

Den potensielle risikoen for tap av eksisterande og framtidsretta arbeidsplassar, for miljøet og konsekvensane for framtidige generasjonar er for stor til å tillate dette eksperimentet.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags