Forslaget frå kraftskatteutvalet: Skarp protest frå fylkesmøtet i LVK

Uttale vedr. forslaget frå kraftskatteutvalet frå LVK sine medlemskommunar i Møre og Romsdal (inkl. Rindal).

DEL

MeningerLVK sine medlemskommunar i Møre og Romsdal (inkludert Rindal kommune), som var samla til fylkesmøte i Sunndal tysdag 3. desember 2019, vedtok høringsuttale til NOU 2019:16, vedr. skattlegging av vasskraftverk. Fråverande kommuner har i ettertid slutta seg til uttalen frå fylkesmøtet.

Kraftskatteutvalget foreslår endringer i gjeldande konsesjons- og skatteordninger på vannkraftsektoren som medfører eit skattebortfall fra vertskommunane og fylkeskommunane med ca 4,4 mrd. kroner, samtidig som utvalget foreslår ei innskjerping av grunnrenteskatten med auka inntekter til Staten med ca 4,4 mrd. kroner.

Fylkesmøtet er ueinig og dypt bekymra for forslaga totalt sett.

Forslaget om å avvikle dei kommunale ordningane med konsesjonsavgifter og konsesjonskraft må avvisast. Disse ordningane er nedfelt i dei gitte konsesjonane som eit grunnvilkår og med same varigheit som konsesjonane. Ei avvikling vil vere eit brudd med samfunnskontrakten mellom storsamfunnet og dei lokalsamfunna som har avstått naturressursane sine. Forslaget om endra verdsettelsesprinsipp for eiendomsskatt er i strid med eiendomsskatteloven og må avvisast. Forslaget om auka grunnrenteskatt til Staten svarer ikkje på mandatet og må også avvisast. Fylkesmøtet støtter Energi Norge sine forslag om ny innretning på grunnrenteskatten. Fylkesmøtet kan ikkje sjå at utvalget har svart på mandatet og ser fram til snarlege avklaringar for vidare utbyggingar av fornybare energikilder. Fylkesmøtet gir si fulle støtte til ein god og grundig uttale vedteke i landsstyret i LVK.

Sunndal kommune
Ståle Refstie, ordførar

Surnadal kommune
Margrethe Svinvik, ordførar

Nesset kommune
Rolf Jonas Hurlen, ordførar

Norddal kommune
Arne Sandnes, ordførar

Rauma kommune
Yvonne Wold, ordførar

Ørsta kommune
Stein Aam, ordførar

Volda kommune
Sølvi Dimmen, ordførar

Rindal kommune
Vibeke Langli, ordførar

Repr. landsstyret LVK
Ola T. Heggem

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags