Fra laksesperre til elvekraftverk?

Gjenbruk: Kan sperra bli til kraftverk? Foto: Aksel Aarflot

Gjenbruk: Kan sperra bli til kraftverk? Foto: Aksel Aarflot

Av
DEL

LeserbrevGrøn energi er stadig eit tema. Vi har i det siste stadig høyrt krangel om bygging av vindturbinar på alle toppar langs kysten, fyrst i Trøndelag så også no på Sunnmøre. Eg forstår godt grunnlaget for desse protestane. Utbygginga på Haramsøya er no det mest aktuelle eksempelet. Dette er ei øy der folket bur på strandsona rundt heile øya. Den har eit flott «høgfjellsplatå» som ligg 250 til 350 moh. Dette er det einaste naturlege rekreasjonsområdet dei har, eit flott naturområde. Her er det planen å bygge 7 tårn med vindturbinar som er 200 m høge! Desse er store framande element i nature som totalt forandrar naturpreget og naturopplevinga. Turbinane skal stå på dei små toppane på platået og ein kan ikkje unngå å sjå dei i sin nære horisont heile tida. Og dei vil vere støyande i og med at luftmotstanden skal overførast til rotasjonsenergi/elkraft.

Vi har nok av elvar i fjellsidene som kan byggast ut med lønsame småkraftverk i staden for desse sterkt subsidierte vindparkane. Dette er langt mindre naturøydande. Her forsvinn kanskje ei lita elv delvis i nærområdet, medan ein langs kysten får stor framandelement som kan sjåast og høyrst på lang avstand av øybuarane.

Det er sentralmakta som har utreia og bestemt plasseringa av vindturbinane langs kysten og dei vil kanskje sjå dei berre ein gong i livet, og dei vil i alle fall ikkje ha slike i eige nærmiljø! Igjen eit angrep på utkantane.

Her i Sunndalen kan vi gi gode lønsame prosjekt som lett overgår den planlagd produksjon på Haramsøya!

Vil her legge fram eit konkret prosjekt: Oppe ved Snøva har vi i Driva ei laksesperre som har gjort jobben sin om nokre år og skal vel då rivast? Kan vi ikkje utnytte denne sperra/demninga til bygge den om til eit elvekraftverk? Bygger ein demninga litt høgare og ved å sette inn fleire «tunellturbinar» i demninga, kan ein variere produksjonskapasiteten alt etter vassføringa. Med 1,5 km lang jordkabel til Driva kraftverk kan ein få energien lettvindt inn på nettet.

Der er vel i dag nesten som ei laksetrapp i sydenden av sperra. Denne må nok lengjast og byggast tilpassa lakse- og aurevandringa.

Eit slikt elvekraftverk vil ikkje innverke på vassføringa i elva og laksetrappa kan nok byggast så den ikkje hindrar fiskevandringa. Det vil altså ikkje ha noko ulempe for miljøet! (I laksetrappa kan ein til og med få full oversikt over fiskevandringa i tal og storleik!)

Det er no god tid til å planlegge og prosjektere dette elvekraftverket, men sjølv om det ikkje hastar, bør ein ikkje kaste bort nyttig tid.

Tanken/ideen er kasta fram, så er det berre for dei rette personane å sette den ut i livet!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags