Mørenett sitt kjøp av distribusjonsnett: «At denne saka skal eskalere som ei konflikt innan fylket beklagar vi sterkt»

Av
DEL

LeserbrevMørenett sitt kjøp av nett vert i media diverre eskalert som ei konfliktsak mellom regioner i Møre og Romsdal. Vi ønskjer difor igjen å kome med informasjon sett frå vår synsvinkel og våre vurderingar.

At denne saka skal eskalere som ei konflikt innan fylket beklagar vi sterkt. Møre og Romsdal er etter regionreforma ein eigen region, og vårt utgangspunkt i denne saka har heile tida vore at eigarskapen til nettet bør være innan fylket. Kraftnettet er ein samfunnskritisk infrastruktur som må og skal forvaltast til det beste for alle brukarane av nettet. Det er kundane som betaler for nettkostnadane gjennom nettleiga, og dei må kunne forvente at dette vert forvalta til det beste for både næringsliv og hushaldningar.

Vårt utgangspunkt er at kraftnettet innan ein naturleg region i størst mogleg grad bør eigast av ein kompetent, nøytral og kostnadseffektiv part. Realiteten vi ser er at omklassifisering av nett er ei overføring av ansvar og oppgåver frå Statnett til vår region. Oppgåvene som vert overført er viktige for både nærings- og samfunnsutvikling, og det overordna målet for Møre og Romsdal må vere at oppgåvene vert overført til aktørar i fylket. Det er ei ønska utvikling at regional koordinering ikkje skal fordelast på mange aktørar, men heller til ein koordinator i kvart fylke. Mørenett har i fleire år arbeidd for å vere i posisjon for å ta eit slikt regionalt ansvar. Vi ønsker at nettselskapa i fylket skal vere saman om å ta dette ansvaret. Om vi ikkje klarer å samarbeide er risikoen at oppgåvene forsvinn ut av fylket.

Med Mørenett som kjøpar vert det regionale kraftnettet i fylket forvalta som eit samanhengande regionalt distribusjonsnett frå fylkesgrensa i sør til fylkesgrensa i nord. Dette sikrar eit godt og solid fundament for løfteevne til å ta tunge naudsynte investeringar utan for store kostnadskonsekvensar for enkeltkundar. Vidare sikrar dette likehandsaming av alle kundane i fylket som er under dette nettet, anten du bur sør eller nord i fylket.

Vi registrerer at det vert hevda at med Mørenett som eigar vert det kostnadsreduksjonar for kundar i sør og tilsvarande kostnadsauke i nord. Dette kjenner vi oss ikkje igjen i. Mørenett har gjennomført grundige analyser av kostnadskonsekvensar for kundane ved vårt kjøp, og dei viser noko anna. Som ansvarleg eigar av eit nettmonopol må og skal vi handsame alle kundar likt og etter same prinsipp. I den samanheng vert vi også årleg reviderte av NVE som regulator. Eigarskap gjennom eit samanhengande nett sikrar slike likehandsamingsprinsipp og vil bidra til lågare kostnader og tariffutjamning innan fylket. Dette er viktig for å legge til rette for ei god næringsutvikling innan regionen. Med Mørenett som eigar vil det være om lag 170 000 kundar under dette samanhengande regionalnettet, medan ein med eit alternativt eigarskap i nord ville ha 70 000 kundar under nettet. Med flest mogleg kundar under eit nett, vil løfteevne og investeringsbehov verte delt på fleire med mindre konsekvensar for den enkelte.

God beredskap og leveringstryggleik er overordna mål i Mørenett. Dette er avgjerande viktig for å legge til rette for god leveringstryggleik til det beste for både industri og privatkundar. I dag er vi einaste selskapet i fylket som har ein døgnbemanna driftssentral kvar dag heile året. Vi har investert i nye framtidsretta styringssystem som sikrar trygg drift der fleire nettselskap samhandler med oss i dag. Når det gjeld nettet vi no kjøper, har vi gode avtaler med Statnett inn mot drift, vedlikehald og beredskap. Vi ønsker også å legge til rette for god samhandling innan fylket for å ivareta og utvikle desse viktige anlegga framover i tid.

Mørenett sitt syn er at vi innan fylket må og skal fokusere på kostnadseffektiv forvaltning av nettet der dette i størst mogleg grad vert sett på som eit heile. Dette vil bidra til å sikre likehandsaming, god kvalitet og lav pris til det beste for kundane. Det vert hevda at vi kjemper for å legge under oss kraftnettet i fylket. Dette er feil, det vi kjemper for er gjennom ein fusjonsmodell å samle mest mogleg av kraftnettet i fylket med eit eigarskap forankra i heile fylket. Det vil vere til det beste for alle kundane som er avhengig av denne samfunnskritiske infrastrukturen. Vi har sett på investeringsbehovet for nettet som Statnett skal selje, og vi registrerer at det er behov for investeringar på om lag 300-400 mill. kr dei komande 5 åra. Dette er vi budde til å ta, anten åleine eller i samarbeid med andre selskap i fylket. For vår del håper vi på det siste. Er alle vi som er innan kraftsektoren bevisst det ansvaret som er pålagt oss, burde vi samhandle fram mot ein slik modell der kunden vert sett i høgsetet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags