Foreldre bør få høve til å leggja til rette for det nye livet utan at det skal verta ein kamp mellom dei to

Unn C. Fyllingsnes, Tingvoll Senterparti.

Unn C. Fyllingsnes, Tingvoll Senterparti.

DEL
Innlegg på årsmøtet i Møre & Romsdal Senterparti ved Unn Catodotter Fyllingsnes, Tingvoll Senterparti

LeserbrevEg er ei kvinne i trettiåra. Full av pågangsmot har eg valt å busetja meg i distriktet - eg er den fruktbare kvinna som har vore etterlyst i fylkesplanane! Og ja, eg har hatt meg med ein heimføding for å laga fleire verdsborgarar på bygda... Men, det eg opplever er:

1. Fødetilboda vert lagde ned

2. Jordmorteneste manglar

3. Permisjonsordninga er ikkje tilpassa gründerar, folk i primærnæringane, pendlarkvardag og andre arbeidstilhøve enn 9-16 på eit kontor på Grünerløkka, rett i nærleiken av husveret, og der ammefri bokstavleg tala er barnemat å få gjennomført - kanskje eg skulle flytta attende? - Så langt inne i fødselspermisjonens historie har ikkje far eigen oppteningsrett!

Om ein skal dempa mammasjokket til oss i generasjonane som har vakse opp i det Noreg som mødrene våre har kjempa fram, som fram til ein vert mor sjølv har teke likestilling som sjølvsagt, må det gjerast noko. Fedrekvote er bra, og det har heilt klårt ein effekt for at fleire fedre skal få lov av arbeidsgjevar å ta permisjon. Men den tredelinga som er innført no, har raskt vist seg å vera for lite fleksibel for familiane. Som løysing går stortingspolitikarar ut og oppmodar mor om å ta 80% dekning og deretter uløna permisjon, for å unngå å senda 6-7 månader gamle babyar i barnehage. Men kva slags likestilling er det? Dette vil berre føra til aukt klasseskilje - slett ikkje alle har råd eller høve til å ta uløna permisjon - med påfylgjande tap av rettar. I sin tur kan denne inndelinga føra til lågare fødselstal. Unge folk i dag er ikkje dumme, me er opptekne av økonomi - me sparar pensjon og planlegg så godt me kan. Men alle kan då ikkje føda ungar i juli for å få dei tildelte permisjonsvekene til å klaffa med ferie og barnehagestart.

Familiar er ikkje like, arbeidslivet er slett ikkje berre kontor med private ammerom, babyar er ikkje like (- sjølv om dei kan sjå slik ut for dei som sit langt unna), foreldre bør få høve til å leggja til rette for det nye livet utan at det skal verta ein kamp mellom dei to. Fars permisjon må ikkje gå på kostnad av mors permisjon! Berre det at dei tre vekene til mor før fødsel (som fell vekk dersom ungen vert fødd tidlegare) og dei seks vekene i blødande barsel er medrekna i mors kvote, viser då tydeleg at kvotane i kvar ende reelt sett ikkje er 15+15 og likestilt.

Fleire tek til orde for ein lenger fellesperiode, der båe foreldra vert kjende med babyen og den nye situasjonen, saman. I lys av auken me ser i fødselsdepresjonar, kunne dette kan henda ikkje vera dumt.

Den norske permisjonsordninga er god, men kva om den kunne verta optimal? Eg har trua på at Senterpartiet er det rette partiet til å koma med den geniale løysinga som får folk til å føda endå fleire - diverre for statsministeren vil dei sjølvsagt verta senterpartistar.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags