Min kropp - mi avgjerd

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leserbrev I dag gjekk vi tur i lag med flokken vår. Flokken er ganske brokåt. Der er vi gamle og unge, nokon er høyreveljarar, og nokon er AP-veljarar, men såklart er vi flest SV’arar. Line var opptatt av å snakke om den politiske kvardagen rundt kvinna si rett til sjølv å bestemme over eigen kvardag og kropp. Henvendt til si spreke mor, seier ho: Du skal vel vere med og demonstrere? Det er ei viktig sak. I dag som på 70-talet, då eg fekk plakaten med JA til sjølvbestemt abort av deg, og klistra den opp på jenterommet.

- Ja, seier ho. -Det var den gongen eg var arbeiderkvinne, og arbeida for denne viktige saka. Og vi fekk jo gjennomslag. Eg må innrømme at eg trudde aldri dette skulle komme opp til diskusjon att!

For her er vi altså att. Igjen skal kvinner i dei mest utsatte og sårbare situasjoner, som skal ta eit frykteleg vanskeleg val, møte den moralske pekefingeren. Igjen skal kvinna sitt val bli mistenkeleggjort. Igjen skal vi få høyre at det er betre at andre tar valet for deg, for du som er kvinne forstår jo ikkje kva du gjer.

Våre mødre kjempa denne kampen for oss, slik at vi som kvinner sjølv vart gitt retten til å bestemme over våre liv og kroppar. Som om vi faktisk ikkje er den einaste som kan ta denne avgjerda, skulle situasjonen kreve det. Vi brukar det ikkje som eit prevensjonsmiddel. Vi er ikkje for abort. Vi er for å sjølv kunne ta denne bestemmelsen, om det er det rette. Dette blir ikkje gjort med lett hjarte. Ikkje når vi no snakkar om den paragrafen som er oppe til diskusjon

Oddny Miljeteig seier det som det er:

"Det er merkeleg med abortspørsmålet. For kvar einskild kvinne som gjennomfører abort, er spørsmålet alvorleg, for mange fylt av tvil og tru. Difor også er kvinna den som må avgjera. Kvinna er bokstaveleg tala den næraste. Vår noverande statsminister ser ut til ikkje å ha forstått alvoret – for ho nærast slengjer rundt seg med dei varaste spørsmål om abort som agn eller åte for å tryggja si eiga regjering. No gjeld det spørsmålet om paragraf 2c i abortlova. Eg lurer oppriktig på korleis denne har blitt heitande «Downs-paragrafen», for det er den jo ikkje. Dessutan synest eg det er å harselera med med dei som lever med Downs – og for den del oss alle, å festa eit slikt omgrep på ein paragraf som omhandlar så uendeleg mykje meir og så mange livstrugande tilstandar. Spørsmålet om tvillingabort høyrer heller ikkje heime i eit slags haustjippo, utløyst av Kristeleg Folkeparti sitt ekstraordinære landsmøte. Det får då vera måte på pervertering av politikken!

Ei inndeling av menneske i «verdige» og «uverdige» trengjande er eit sorteringssamfunns kjennemerke. Debatten om sorteringssamfunnet, kjære lesar, korkje startar eller sluttar i kvinners livmor. Det er i så fall ei farleg innsnevring av vår mest grunnleggjande humanistiske utfordring som samfunn: vår nesten ibuande hang til å skilja mellom «dei» og «oss».

Førre gong abortsaka var oppe, i 2013, var det retten til tidleg ultralyd. Mange av dei same argumenta kom opp. Den gongen vedtok Høgre, mot partileiar Solberg, at også Høgre var for kvinners rett til sjølvbestemt abort. Kvar er respekten for dette vedtaket, Erna?

Oddny seier det også om umoralen som ligg bak peikefingeren til partier som kuttar tiltak som fører til at folk får større utfordringar med å ta vare på born med slike vanskar. Det er umoral.

Å ikkje yte naudsynt hjelp til foreldre med behov for avlasting, det er umoral. Å ikkje yte hjelp gjennom pleiepengar til foreldre med behov for avlasting, det er umoral. Vi seier som Oddny:

Å prøva å reservera «sorteringssamfunnet» til å handla om abort av foster med Downs syndrom er å tåkeleggja at sorteringssamfunnet lever i verste velgåande, midt i blant oss.

Bagatelliserer så eg alvorlege spørsmål om livets tilblivelse? Nei, meiner eg. Abortspørsmålet må ikkje bli eit spørsmål om andres moral. Vi har hatt mange nok generasjonar med strikkepinnar, skam og tabu, med utstøyting frå samfunnet av unge kvinner som var komne «i ulukka» , med fødslar i dølgsmål og tvilsame bortadopsjonar av pittesmå born."

Og vi i Sunndal SV konkluderer med at kvinna skal sjølv bestemme over eigen kropp. Min kropp, mi avgjerd.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken