Når dei vaksne sviktar

Kari Gullbjørg Hals. (Arkiv).

Kari Gullbjørg Hals. (Arkiv).

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Leserbrev  Regjering og Storting tek ofte opp temaet mobbing i skolen. Vi høyrer dei foreslår at det må opprettast mobbeombud på skolane, Dei seier at vi skal ha nulltoleranse for mobbing.

Lærarane får mykje ansvar for å oppdage mobbing. Det er utarbeidd retningslinjer for korleis dei skal møte mobbinga, korleis få bukt med denne utingen. Ein fokuserer og på at heimane må vera gode eksempel for borna og dei unge.

På nettet er det mykje mobbing, høyrer vi. Det er eit problem at nokre unge mobber andre ved å legge ut nakenbilete av dei på nettet. Politikarane legg fram dette som svært uheldig. Dei arbeider for å få bukt med slik framferd.

Kva med signaleffekten av det mykje omtala måleriet i Bergen, der ei trebarnsmor vart måla naken og korsfesta til spott og spe i det offentlege rom? Kva med alle born og unge som ser og opplever dette? Kva når dei ser at det finst visst ingen grenser for kva vaksne folk kan tillate seg av mobbing, krenking, i det offentlege rom? Og kva visst ingen fortel born og unge at dette er langt utover det som ytringsfridomen kan tillate?

Kva skal vi med mobbeombud for born og unge når handlingane til dei vaksne ropar så høgt at borna ikkje høyrer kva mobbeombudet seier? Da er det vel berre fritt fram å legge ut mobbebilete på nett av den ein er usamd med eller mislikar. Kva for eit samfunn vil vi ha? Skal det i framtida vera rimeleg og akseptert at ein person vert måla naken og korsfesta og så må henge til spott og spe i det offentlege rom? Saka skapar da presedens om at det er tillate med slik mobbing av dei ein mislikar og er usamd med.

Borna og dei unge må få høyra at det er noko som er rett og noko som er gale. Manglande normer er ingen god ide! Lausriving frå gode normer har ikkje gjort dei unge meir lukkelege, tvert imot. Vi les om fleire som strevar mykje med liva sine, og mangel på gode levereglar er ein av fleire grunnar til det. Dei treng faste, gode haldepunkt i livet, og sunne levereglar. Det er med og skaper tryggleik.

Eg meiner Bergen kommune skulle ha måla over måleriet straks dei vart merksame på det. Målaren av mobbebiletet burde stillast til ansvar for den ugjerninga han gjorde. Det ville sende eit nyttig, godt og positivt signal til borna og ungdomane våre.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken