Ap ser «rødt» som vanleg – svar til Tove-Lise Torve

Av
DEL

LeserbrevAt Ap no brukar alle midler til å forsøke å sverte andre politikere er lett å sjå, kanskje snart på tide å lytte litt til innbyggjarane.

I fylkestinget har representantar frå Ap klart og tydeleg sagt at dei vidaregåande skulane og strukturen ikkje er freda, og det var faktisk slik at partiet stemte for å leggje ned Vanylven VGS, heilt til Jon Aasen greip inn. Flott at Ap snakkar med andre parti slik at politikken til Ap blir pressa på plass.

No når fylkeskommunen skal kutte kraftig i drifta, vert det interresant å sjå korleis dykk har tenkt å stramme inn, når dokke ikkje har tenkt å kutte ei stilling i verken fylkesadministrasjonen eller i andre områder. FrP er ihvertfall garantist for dei vidaregåande skulane, og vi skal ikkje leggje ned eller byggje ned ein einaste vidaregåande skule her i fylket. Vi har derimot tenkt å kutte betydeleg i dei ikkje lovpålagte områda innan administrasjonen, noko Ap har vore sterkt imot.

Kall meg både det eine og det andre Tove-Lise Torve, men slikt bit ikkje på verken meg eller FrP. Eg og FrP arbeidar for heile Møre og Romsdal og skal gjere det vi kan for å få på plass Todalsfjordkryssinga samt få på plass utgreiing av Romsdalsaksen og flytebruer over Romsdalsfjorden.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags