Idrettens val

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevNorsk idrett er partipolitisk nøytral. Men idrettens 1,9 millionar medlemmer er slett ikkje uinteresserte i kva som skjer under Stortingsvalet 11. september og vi håper av partia som har ambisjonar å bemanne vår nasjonalforsamling forstår at dei skal lytt til våre enkle krav.

Norsk idrett ber om å få sleppe å selje vaflar for å betale moms til staten. Kvifor skal ei turløype, ein ballbinge, ein aktivitetspark eller kunstgrasbane vere 25 prosent dyrare å bygge for eit idrettslag enn ein kommune. Kommunane får automatisk tilbake momsen – idrettslaga er heilt avhengige av at Stortinget kvart år skal løyve ein stor nok pott til at laga kan få tilbake – om ikkje alt så litt av momsen.

Dei siste åra har frivilligheita fått betre ordningar med momsrefusjon og momskompensasjon. Dette har vore viktig for heile frivillig sektor. Det som manglar er to ting. Ordningane må vere  faste og ikkje avhengige av at politikarane finn nokre ekstra millionar i budsjettrevideringane.

Og vi må få auka posten som skal gå til å kompensere den momsen lag og organisasjonar betaler i moms på drifta. Idrettens reknestykke viser at med 500 millionar ekstra ut frå dagens nivå så kjem vi langt.

Idrettens krav er enkelt og greitt at vi meiner det er galt at staten skal krevje inn skatt på den dugnaden som vert gjort rundt i idrettslaga.

Anleggsmilliard

Norsk Tipping og overskotet derfrå er svært viktig for utviklinga av aktivitetsanlegg over heile landet. Vi er svært glade for at dei fleste norske partia har slått ring rundt denne finansieringsmodellen.

Det vi likevel ser er at det i dag både er eit langt etterslep av anlegg som ventar på spelemidlar og ikkje minst ser vi det store behovet det er for lokale aktivitetsanlegg over heile landet. Dette er anlegg som er svært viktige for folkehelsa.

Eit skikkeleg løft med bygging av aktivitetsanlegg over heile landet er heilt avhengig av ei finansiering direkte over Statsbudsjettet. Norsk idrett utfordrar ved dette valet våre politikarar til å ta eit krafttak for folkehelsa og gå inn for å løyve ein milliard kroner til slike anlegg direkte over Statsbudsjettet.

Sjå idrettslaget

Alle politiske parti har eit felles mål. Alle vil gjere det norske samfunnet til ein god plass å leve. Vi i idretten meiner vi kan vere ein viktig faktor i denne samfunnsbygginga.

I 2015 omsette norske idrettslag for nesten 22 milliardar kroner. Spelemidlane utgjorde litt under 10 prosent. Vi i idretten er ikkje i tvil om at vi er ein viktig faktor i dagliglivet til vanlege folk.

I Møre og Romsdal har vi i år rundt 90.000 medlemmer fordelt på nesten 500 idrettslag.

Vår ynskje til våre politikarar er at ein tek seg tid og ser rundt seg, ser kva idrettslaga betyr i lokalsamfunna og ikkje minst tek seg tid til å reflektere over kor viktig idretten er i lokalsamfunnet.

Vi håper og ein slik refleksjon også gjer at politiske vedtak og løyvingar kan gjere kvardagen for idrettslaga til meir aktivitet og mindre loddsal.

Godt val.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags