Høgtidstankar over ei mangearta jord

Frå ei skulegudsteneste i Åsskard kyrkje for ein del år sidan. Foto: Bernt G. Bøe.

Frå ei skulegudsteneste i Åsskard kyrkje for ein del år sidan. Foto: Bernt G. Bøe.

Av
DEL

LeserbrevOrdet «jul» og salmen «Deilig er jorden» har skapt overskrifter og stort engasjement.

Sympatiske skuleelevar i Seljord ville unngå ordet av omsyn til ein klassekamerat. Det bør ingen blåse opp som islamisering og faresignal for vår kristne kultur. Ordet «jul» er forresten ikkje kristent!

Øye skule gjorde seg landskjent for sensur av «Deilig er jorden». Her er vel motreaksjonane den beste reklame for salmen. Vi har verre juleproblem å ta tak i.

Respekt

Det er tid for besinnelse i alle leirar. Nye landsmenn frå andre kulturar er langt meir tolerante og mindre angstbiterske for religiøse uttrykk og høgtider enn vi. Om dei brukar anna namn på sin Allmektige og tillegg guddommen eigenskapar vi ikkje knyter til vår kristne Gud, viser dei aller fleste respekt for kristen tru. Ja, dei undrast over at den er så usynleggjort hos oss.

Menneska har sørga for at jorda ikkje alltid er «deilig». Men ho blir i alle fall ikkje verre av at vi syng denne litt trassige salmen, som med håp beskriv noko av det beste vi har å ta vare på som menneske!

Vinterfest elller Kristmesse?

«Jul» er opprinneleg ikkje eit kristent ord eller fenomen. Yule var den eldgamle - og temmeleg brutale - midtvinterfesten. Keisar Konstantin la på 300-talet Jesu fødselsfeiring til 25. desember – altså same tida. Høgtida vart Kristmesse (Christmas). Kyrkja hos oss «kuppa» midtvinterblotet og prøve å gi det eit nytt, guddommeleg og langt meir humant innhald.

Kor godt det lykkast, kan vi diskutere. For parallelt med den store julegleda - evangeliet om oppgjer med det vonde og ny start i livet, musikken som samlar millionar, glitrande barneaugo og varmen mellom menneska - har kanskje mørke sider av den førkristne feiringa overvintra gjennom hundreåra.

Difor, kjære kollegaer (skulefolk) og opinion - på begge sider! Jula gir større utfordringar å ta tak i enn den omtala salmen: Stadig meir ungdom treng hjelp mot einsemda. Barn i hundretusental gruar seg - for vaksenfylla. Politiet førebur ekstratiltak i julebordsesongen. Har «Deilig er jorden» nokon gong skapt politiutrykning? Enn om vi bruka energien der den trengst, der den kan utrette noko positivt?

Kor mykje Kristus-messe ligg i dagens bruk av ordet «Christmas»? Mange synest det berre er eit reklameskilt for salg, forbruk, stress og travelhet. For å laga eit billeg ordspel: Det er lite «Christ» igjen, men dess meir «mas».

Kanskje er det rett å sjå jula og tradisjonane i større og meir grensesprengande perspektiv enn berre ut frå våre eigne tradisjonar. På facebook poengterer Britt Ellingsen nokre tankevekkjande moment: Jesus vart fødd i Palestina - av ei mor med hijab. Vi tenner den jødiske sjuarma adventsstaken. Vi feirar den italienske helgenen Lucia. Vi pyntar et tysk tre med lys og symbol. Vi et graut av ris frå fjerne himmelstrøk og tek imot gåver frå den tyrkiske helgenen St. Nicolas.

Under denne vide himmelen er det herleg å feire jul i eit lita bygd på Nordmøre og få ta til seg av den kulturrikdomen alle menneske har fått i arvegods etter barnet som vart den viktigaste fornyaren av alt menneskeleg i historia. Og eg gler med til å spela «Deilig er jorden» med fulltonande allsong også i 2019!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags