Kor vart det av fortellinga om Jesusbarnet i krybba?

Av
DEL

Leserbrev Eg var som bestefar invitert til juleforestilling i barneskulen. Barna gjorde sitt beste og hadde heilt sikkert øvd mykje for å lage ei triveleg framføring for oss besteforeldre. Eg vart likevel sittjande å undre meg: Kor vart det av fortellinga om Jesusbarnet i krybba?

I Bibelen fortelles det at da Jesus skulle fødes var det ikkje plass for han i herberget, så dei måtte søkje tilflukt i ein stall i ei krybbe. Ei krybbe er foringsplassen for dyra i stallen. Det er nødvendig for oss at han som vart fødd i ein stall ikkje blir gløymt og bortgøymt i julefeiringa, men at vi har rom for han i vårt herberge i heim og skule. Under forestillinga på skulen vart det på ein god og fin måte peika på stjerna som lyste og viste veg til stallen og krybba. Det er likevel slik at det er han som låg i krybba som er Jula sitt eigentlege innhald. Det står i ein sang: «La meg få høre om Jesus.» Det var Guds Son og verdens Frelsar som låg i krybba. Innledningsorda for sjølve forestillinga på skulen var at no ville vi komme i virkeleg god julestemning. Da tenker eg på ei setning i ein av julesangane våre. «Han er Frelser min.» Det var han som låg i ei krybbe i Betlehem som kan gi små og store den gode julestemninga. Eg vil med denne påminninga ønske for oss alle ei riktig god jul!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken