Klimatiltak, naturvern og lokal politikk

Av
DEL

LeserbrevEin skal ha sove både lenge og godt i timen om ein ikkje har fått med seg at det står dårleg til på Moder Jord. Klimaet har blitt mykje meir ustabilt, og naturmangfaldet blir stadig rasert. Tørke, store flaumar og sterke stormar kjem hyppigare, og 1 av 8 artar står i fare for å bli utrydda. Dersom etterkommarane våre skal få levelege kår, må vi sette inn tiltak. Vi må tenkje langsiktig, og vi må gjere ting annleis. Dette gjeld også lokalt. Det er summen av mange enkeltsaker som har ført oss inn i det seriøse uføret vi er i. Derfor er det nødvendig at også norske kommunar har planer for å få ned co2-utslepp, få ned avfallsmengda og ta vare på natur og matjord. Desse planane må sjølvsagt bli følgt opp.

Politikk dreier seg ofte om å prioritere det viktigaste. Det viktigaste i dag er å sikre framtida for våre barn og barnebarn. Sunndal er ein god og fin kommune å vekse opp i, men ikkje alt står bra til her heller. Naturen rundt oss blir fattigare. I min barndom i var rumpetroll/frosk, piggsvin og marihøner/ «gullsmed» ein del av omgivnadene, og faktisk ein del av leiken. No er det lenge sidan eg har sett ein frosk, og marihønene er nesten borte. Er det så nøye da? Vi har det da både fint og godt, vi kan nyte sommaren med blomster i hagen og utsyn mot majestetiske fjell. Men fuglesongen i skogen er spinklare, og eg får ingen hjelp av lusetaren («gullsmeden») til å passe rosene. Eg lar markblomstrene i hagen stå, og kan følgje med på korleis humla arbeider på ein kvitkløver – eit fascinerande syn. Samtidig tenkjer eg på nysnøen som låg 15 cm djup da eg var i Jotunheimen første veka i juli. Dette hadde Solbjørg på Fondsbu ikkje opplevd på dei 20 åra sine som vertinne. Rypene hadde egg i reira, og enkelte små dun-nøste var allereie ute. Ikkje eit insekt var å sjå i dei 5 varmegradene, så rypemor sleit nok med å finne mat til dei små.

I naturen heng ting saman. Både klimaendringar og menneskelege inngrep skaper store problem for økosystema våre. Det er fint at Ap og andre politiske parti set «klima» på dagsorden, men det er ikkje nok. Ein kommune må også ha plan for ta vare på natur og matjord, kartleggje situasjonen for insekt og fuglar, få ned mengda plastavfall og for generelt å leggje naturens tålegrense til grunn for utviklinga i kommunen. Vi har faktisk ein paragraf i Grunnlova som seier noko om dette, § 112 : «Enhver har rett til et miljø som sikrer helsen, og til en natur der produksjonsevne og mangfold bevares. Naturens ressurser skal disponeres ut fra en langsiktig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten... Borgerne har rett til kunnskap om naturmiljøets tilstand og om virkningene av planlagte og iverksatte inngrep i naturen, slik at de kan ivareta den rett de har etter foregående ledd».

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags