Foreldrepengar til mor og far

DEL

Leserbrev Resolusjon vedteken på Møre og Romsdal KrF sitt rådsmøte 23.11.2019

KrF har stått på for å auke eingongsstønaden i mange år. No er det på tide å ta eit nytt stort steg vidare og gå inn for å erstatte den med foreldrepengar for alle nybakte foreldre. Dette uttalar Møre og Romsdal KrF sitt rådsmøte 23.11.2019.

Dagens system er urettferdig, der kvinner med god lønnsinntekt får behalde inntektsnivået i mammaperm-perioden. Unge kvinner som ikkje har kome fullt ut i arbeidsmarknaden sit att som taparane, og har ingen rettar til løna mammaperm i dag. Vi treng ei ordning som er tilpassa kvinner i fruktbar alder, som ikkje gjer det naudsynt å vente i mange år før ein får barn for å sørge for at alle rettar er på plass.

I dag er det ein stor skilnad mellom vordande mødre som er heldige nok til å ha ein jobb når dei vert gravide og føder born, og dei som ikkje er det.

Dette blir forsterka ytterlegare ved at fedre ikkje får rett på pappaperm om mor til barnet ikkje har opparbeidt rett til mammaperm. Dette er diskriminerande overfor far, og gjer at familien er endå meir avhengig av fars inntekt åleine, samstundes som han mistar alle rettar til pappaperm. Dette fører igjen til at barnet og far får endå mindre kontakt, stikk i strid med det vi ønskjer i samfunnet vårt.

Vi er glad for at Erna Solberg i nyttårstalen fokuserte på at det er viktig at fleire vel å få born i Noreg. Å gje alle rett til mammaperm og pappaperm er eit konkret tiltak som gjer det mogleg for fleire å bere fram born. Møre og Romsdal KrF ønskjer å styrke rettane for alle komande fedre og mødre.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags