Ope svar til Lusie Gjersvoll og Sunndal Ap

For kjapt: Veivalget kan ikke bestemmes i løpet av bare fem uker, sier Ingunn Karijord.Foto: Tommy Rustad

For kjapt: Veivalget kan ikke bestemmes i løpet av bare fem uker, sier Ingunn Karijord.Foto: Tommy Rustad

Av
DEL

LeserbrevLusie Gjersvoll i Sunndal Ap har brukt Facebook for å rette kritikk mot meg og mine meiningar. Det lever eg godt med, men sjølv vel eg Aura Avis for å gi eit motsvar.

Arbeiderpartiets lokallag i Sunndal er ikkje tilfreds med å bli kalla maktarrogant, og at det har blitt kringkasta i riksmedia opptil fleire gonger siste veka. Dei står fritt til å ikkje like det, men eg vil likevel hevde at eg er godt innanfor det ein kan kalle sømeleg debatt.

I intervjuet i avisa kjem eg ikkje med ei grunngjeving for min påstand. Det kan eg gjere her.

Denne hausten har – slik eg ser det – vore eit godt døme på kva eg meiner er Arbeiderpartiets maktarroganse. Eg snakkar om legevaktsaka, kor Arbeiderpartiet tona tydeleg flagg saman med Framstegspartiet. Det er greitt å tone ei sak ein står for, men eg reagerer sterkt når einskilde i partiet hevdar at dei har betre grunnlag for å meine noko om saka enn dei som hadde utarbeidd dokumentet og vore implisert i arbeidet – nemleg legane.

Arroganse kjem av latin, og betyr mellom anna sjølvgod åtferd. Å setje sine eigne tankar og haldningar over legane sin fagkunnskap, som står i dette kvar dag, og attpå til utan å ha spurt legane om råd, kan med rette av mange oppfattast som arrogant.

Heldigvis fekk denne saka eit utfall eg trur alle i Sunndal kan leve godt med, men for meg er det rart at ein ikkje kan framstå meir lydhøyr ovanfor dei som veit kor skoen trykker.

I debatten på Lusie Gjersvolls facebookside var det og retta kritikk mot to andre sentrale spørsmål, nemleg KrFs måte å styre politikken i landet i haust og mi rolle i avstemminga på det ekstraordinære landsmøtet fredag.

Først til KrFs rolle i rikspolitikken denne hausten.

I eit demokrati er det fleirtalet som bestemmer, hevdar Øystein Rolandsen i Gjersvolls debatt. Per Ole Bratset er lite nøgd med at eit lite og ubetydeleg parti skal ha så stor påverknad i samfunnet fordi KrF baserer seg på overtru. At Bratset meiner politikken er basert på overtru, lar eg passere – all den tid han sjølv høyrer til eit parti som har hatt væpna revolusjon på programmet. Akkurat som at det er noko betre.

Men det er ikkje berre fleirtalet som rår, det har dei siste fem vekene vist til fulle. I eit demokrati skal ein finne løysingar på store og små utfordringar – både i storsamfunnet og i dei små lokalsamfunna. Ein kan påverke direkte eller indirekte.

Dei siste fem åra har det vesle 4,2%-partiet bidratt til fleirtal for regjeringa; både i ein formalisert avtale i 2013-2017 og utan avtale i denne perioden. Mange har meint at det er urimeleg at eit parti som vakar rundt sperregrensa skal få dominere politikken på denne måten. Men det er slik det fungerer i eit demokrati kor eit parti utgjer vippeposisjonen.

Og det er KrFs unike vippeposisjon som utløyste det som har vore fem veker med KrF som den store nyheitsvinnaren, eller «KrF – minutt for minutt», som eg likar å kalle det. Kva veg det heile skulle ta, var ikkje heilt gitt før avstemminga var gjort i landsmøtesalen. For Ap ville dette vere ein eineståande sjanse til å komme tilbake i posisjon i norsk politikk etter fem år i skugganes dal.

Men eg ville altså ikkje sjå verken mot høgre- eller venstresida. Eg står fortsett inne for at avstanden til FrP er for stor til at KrF skal kunne søke regjeringsmakt den vegen. Eg meiner og at KrF ikkje passar inn i ei regjering som går mot venstresida i norsk politikk. Det har eg argumentert for ut frå det eg kallar Aps maktarroganse i Sunndal. Dårleg erfaring med Ap her på heimebane har gitt mi slutning om at Ap + KrF ikkje er bra i rikspolitikken heller. Ap og eg har ganske få samanfallande interesser.

Om eg hadde brukt Aps makt sentralt som argument for mitt syn i Aura Avis, hadde det hatt same verknad: Sunndal Ap hadde tradisjonen tru rykka ut massivt for å gi meg motbør: Eg tar feil og dei har rett. Einaste skilnaden ville vore at kva eg meiner om Det norske Arbeidarparti er litt mindre interessant enn kva eg meiner om Sunndal Ap – iallfall i Aura Avis.

Nokon i Gjersvolls facebookdebatt ville ha det på mine skuldrar at valet på KrFs landsmøte gjekk som det gjekk. Ultragule Ingunn har vore med på å føre KrF mot ei høgrestyrt regjering. Eg reknar med at folk ser det er ein høgst urimeleg påstand. Det var ikkje mi enkle opposisjonelle stemme som felte Knut Arild Hareides draum om å gå inn i ei sentrum-venstre-regjering. Med ei overvekt av åtte stemmer, ville ikkje det som blei to blanke stemmer kunne påverka. At eg likevel fekk så stor plass i riksmedia for synet mitt, såg eg slettes ikkje kome, men er ei oppleving å ha med seg.

Men eg skjønnar at dei raudkledde i Ap har brukt fem veker på å vri seg i godstolen over den store plassen KrF har fått i media. Minutt for minutt, dag etter dag – trass alt med ein reklameverdi i millionklassa som ikkje er alle forunt.

Lusie Gjersvoll spør om eg er lei av at sunndalingane stemmer Ap, og til det vil eg sjølvsagt svare ja. Det er ikkje av det gode for lokalsamfunnet at eitt parti har reint fleirtal i periode etter periode. Heldigvis kan det virke som at ungdommar med nyerverva stemmerett neste år ser at det kan ikkje vere berre bra å delegere så mykje makt til eitt parti. Så håpet mitt for lokalvalet 2019 er at det skal bli mindre makt til Arbeidarpartiet og meir makt til dei andre partia i Sunndal.

Etter fredagens hending er det fortsett KrF som lagar tyngdepunktet i norsk politikk. Eg er ikkje nøgd med at KrF søkar mot FrP, noko eg meiner er eit klart avtalebrot med veljarane. Men eg er glad for at partiet i mitt hjarte skal fortsette å prege norsk politikk i åra framover.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags