Giklingdalen eller Flatvaddalen?

Av
DEL

LeserbrevEg kjem aldri til å kalle dalen noko anna enn Giklingdalen og eg ber om respekt for dette valet. Respekt og toleranse for at eg og fleire med meg ikkje meiner det same som somme andre. Vidare skal eg grunngje dette og samtidig fortelje litt historie om dette området.

Gikling nevnes for fyrste gong skriftleg i eit skattemanntal frå 1520 og er således ein gamal gard. Mine forgjengarar og forfedre som budde på Gikling starta med setringa i Giklingdalen rundt 1680, mest sannsynleg først på Giklingdalsbrona og seinare ved foten av Innerdalstårnet. I 1848 vart setra ødelagt på grunn av eit ras frå Tårnlia og da vart ho flytta ned i lia i Innerdalen ved sida tå elva Fløgu. Der finn vi restane i dag like ved stien. Setringa vart avslutta rundt 1920 men vi talar altså om ein periode på over 200 år med setring og dette byrja for heile 340 år sidan. Med andre ord så er ikkje dette noko vi har funne på som ein artig ide for nokre år sidan viss nokon skulle lure på det.

Men lat oss tenkje oss tilbake til 1680. Det er tidleg sommar og dei har bestemt seg for å flytte dyr og tjenestefolk til ein dal dei mange gonger har besøkt tidlegare i forbindelse med jakt og fangst. Ein stad med gode beiter og rikeleg tilgang til vatn, ein plass som ville gjere det mogleg å ha fleire dyr over vinteren da heimebeitene heller kunne slåast og brukast til vinterfôr. Ein dal som ingen andre på denne tida nyttar til beiting og setring, dei er dei fyrste.

Men det er ikkje berre å ha folk og dyr ombord i ein bil å køyre av garde, dit er det berre mogleg å komme til via ein smal sti opp Falelia. Ein sti som slynger seg 98 svingar oppover lia, opp på 1000 meters høgde med krøtter, kløvhestar og folk. Ferda går vidare utover slåa og over Tverråa, elva som renn ut ifrå Litjvatnet i Tverrådalen. Flomstor var den nok såpass tidleg på året og det var ikkje noko klopp over elva på den tida, den kom mykje seinare. Så gjekk ferda vidare vestover brona og forbi det som vi kallar «Klævet». Ein smal passasje med stup fleire hundre meter ned før dei endeleg kunne breie seg ut i dalen, Giklingdalen etter folket som først starta med setring i dette området.

Det er vanskeleg i dag å førestille seg det blodslitet og faren denne turen tross alt var, men allikevel valgte dei å gjennomføre den, to gonger om året i over 200 år… De av dykk som har gått denne turen kan prøve å sjå for dykk denne reisa og legge til at dei nok kvar veke gjekk med kløvhest mellom setra og garden med setersmør, prim og andre godsaker som dei laga av mjølka på setra. Har du tilgode denne turen vil eg anbefale den på det varmaste og finast tykkjer eg det er å gå opp Falelia og kome ned i Innerdalen. Da får du den kortaste lia ned og sparar knea litt.

Respekten til desse menneska er hovedgrunnen til at eg no står opp for navnet på dalen. Dei risikerte livet sitt for å nytte denne ressursen som setringa tross alt var og eg er audmjuk over kva dei gjorde, bygde grunnlaget for den garden eg og Espen driv i lag i dag som 8. generasjon. Dette handlar ikkje om oss i dag, det handlar om den jobben dei gjorde for over 300 år sidan.

Min oldefar, Ole A. Gikling også kalla Bibbip var født i 1870. Han var den siste drivaren på Gikling som også dreiv Giklingsetra. Han skreiv i si tid ned fleire sider med tekst om dalen og områda rundt og kalla sjølvsagt dalen for Giklingdalen. Han døydde 17.mai i 1958, 88 år gamal. Han var også med da dei skaut den siste bjørnen i Sunndal og dette har han fortalt med innlevelse inn på eit band til NRK nokre år før han døyde. Det einaste minnet vi har frå setra i dag, forutan murane i Innerdalen er seterdøra og 2/3 av storgryta som dei bruka.

Kartverket innrømmer at dei i 1996 gjorde ein feil da Giklingdalen forsvann ifrå karta. Meininga med vedtaket den gongen var at det også skulle være lov å nytte Flatvaddalen som navn i tillegg til Giklingdalen. No er dette retta opp, foreløpig ved at Giklingdalen no står som undernavn. Vidare lyt navna likestillast slik at begge kan nyttast jamnstilt, det er det einaste rette. Eg respekterer at somme ynskjer å kalle dalen for Flatvaddalen men da vil eg ha same respekt når eg kallar den for Giklingdalen.

Sjølv om Giklingdalen har vore vekke ifrå kart og oppslagsverk i 23 år er det fortsatt svært mange som nyttar navnet, både fastbuande og turistar. Eit søk på instagram viser at #Giklingdalen har 166 treff mens #Flatvaddalen har 20 treff. Da håpar eg at eg har kasta litt lys over denne navnedebatten og at det vart litt enklare for folk flest å skjøna kvifor dette betyr såpass mykje for meg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags