Om Flatvaddalen eller Giklingdalen

Foto:

Av
DEL

LeserbrevMed unnatak av nokre få år, har eg i mine vel 73 år levd ved «framsida» av «Flatvaddalen», som «heng» over Flatvadgrenda. Dalen og namnet står for det første naturinntrykket som møter meg kvar gong eg går ut av døra. Da ser eg Lauvåa som kastar seg ned dalsida mot elva. Den gode søgen av åa frå Flatvaddalen har sett grunntone i aktivitetene så lenge eg var utadørs. Torsdag 5. juni møtte framsida av Aura Avis meg med «Giklingdalen eller Flatvaddalen?». Dalen har alltid heitt Flatvaddalen her. Det trur eg heller ikkje har vore annleis for dei andre i Flatvadgrenda; heller ikkje for fleirtalet av gardane i Sunndals-dalføret. Unnataket er nok for dei som har sterke familieband til Gikling-garden og det namnet, og mange av dei som kjenner dalen frå nord-enden, Innerdalen. Dette kjem eg tilbake til.

Men først: ferdast du oppetter eller nedetter Sunndalen, er Flatvaddalen lett å få auge på, aust for Hoåsnebba. Når du passerer dalmunninga, er du i Flatvadgrenda. På liknande vis: når du kjem forbi Grødals-gardane og Grøa, passerer du munninga av Grødalen. Nemningane fell naturleg. Namnet på dalen er nok temmeleg sikkert gammalt. Flatvad er eit veldig gammalt namn, som dei fleste gardsnamna i Sunndalen er.

Er du i Innerdalen, så ligg murane av Giklingsetra like under munninga av nord-enden av Flatvaddalen. Frå Innerdalen kom nok difor nemninga «Giklingdalen» i bruk fordi Giklingsetra låg slik til. No er det ikkje lenger så lett å sjå denne namnekoplinga. Seterhusa vart tekne av ras i 1848. Gikling fekk seterrett i 1680 i Innerdalen. (Data frå «Seterbok for Sunndal» av Tor Helge Gravem). Nemninga «Giklingdalen» må altså vere av vesentleg nyare dato og kortare tidsepoke enn «Flatvaddalen».

Ser du igjen dalen frå Sunndals-sida, ligg Gikling-gardane to kilometer lenger mot aust. Lauvåa som renn ut av dalen, kjem gjennom Hoås-mark. Men husa på Hoås-gardane ligg to kilometer mot vest. Det fell ikkje naturleg å bruke desse namna på dalen. Når dalen heller ikkje fekk namn etter Lauvåa, så måtte det bli etter grenda som ligg under, altså Flatvad-grenda.

For meg som eit langt liv har trødd i spora etter generasjonane som levde i Flatvad-grenda, står det klart at «Flatvaddalen» i lange tider må ha vore den mest naturlege nemninga. Men også for dei som fór oppetter og nedetter sunndalsdalføret har det nok like lenge vore «Flatvaddalen» dei såg ligge der. Ein kunne på langt hald lett sjå for seg avstanden til Flatvadgrenda, for den låg ved munninga av Flatvaddalen. Dalen har vore sterkt til stades i landskapet, da som no. Namnet, det har kome av seg sjølv.

Eg vil tru at Kartverket mellom anna såg desse momenta før dei i 1996 sette «Flatvaddalen» som namn i kartet. Det styrkar synet mitt at fagfolk også må ha sett dette. Eg var aldri spurt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags