Pengedryss og Stjernestøv

Erling Rød. (Arkiv)

Erling Rød. (Arkiv)

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevStjernestøv heitte framstillinga som JazzåTeateret i Sunndal viste i haust. Framstillinga handla om villmark, gull og lykke. Ho gjekk for fulle hus i Sunndal og Surnadal.

I programheftet kunne eg lese at SuSu-programmet var ein av hovudsponsorane og Sunndal kommune ein av sponsorane. Då eg såg ordet SuSu, som er eit opplegg basert på nærings- og kraftfond med Surnadal, Sunndal og fylkeskommunen som deltakarar, vart eg nysgjerrig.

Kommunens postlister viste ikkje noko om korleis susu-støtta hadde kome til, men rådmannen vår sende meg utskrift frå innstillinga og vedtaket;

Susu-utvalet gjev 100 000 kr til teateroppsettet i eit møte 2018-04-20.

Økonomiansvarleg Malvik i SuSu var visstnok ugild. Det går ikkje fram kvifor, slik Kommunelova krev.

Næringskonsulent Bredesen i Surnadal hadde gjort ei grundig vurdering av søknaden og funne at tiltaket ikkje fyllte krava til susu-støtte. Søknaden vart derfor lagt fram for utvalet under søknadar for bedriftsretta tiltak, utan administrativ tilråding.

Utvalet med ordførar Refstie i spissen gjorde likevel dette vedtaket;

1. Programstyret viser til søknad datert 08.03.18 og vedtar å gi tilsagn om et tilskudd på kr 100.000 til prosjektet basert på et godkjent kostnadsgrunnlag på kr 800.000.

2. Tilskuddet er avgrenset oppad til 40% av prosjektets totale kostnad, beløpsavgrenset til kr 100.000.

3. Gjeldende generelle vilkår for tilsagn om tilskudd fra SuSu-Programmets ordning for tilskudd til bedriftsrettede tiltak gjelder (jmf P.styre sak 26/14).

4. Programstyret viser til at prosjektet anses som kulturnæring og derfor kan ytes støtte, samt bygger opp under SuSu-Programmets visjon.

Visjonen for SuSu er: Ein døgnopen region i vekst .

Eg forstår ikkje korleis teaterframstillinga byggjer under visjonen.

Eg forstår ikkje kvifor pengar som skal gå til næringsutvikling, går til teater.

Kommunal teaterstøtte bør kome frå det vi politikarar har sett av til kultur.

Sunndal kommune har direkte, etter vedtak i teknikk- miljø og kulturutvalet, gjeve 15.000 kr i prosjektstøtte.

Folkestyret og velferdsstaten er tufta på tillit.

Uryddig bruk av skattepæng øydelegg tillit.

Det skal vere ryddigheit i politikk og forvalting.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags