Gardar og einebustadar er for fastbuande, hytter for feriegjestar

Av
DEL

LeserbrevNoreg har slite med fråflytting frå bygda i mange tiår, så problemstillinga er ikkje ny. Det er mange grunnar til at menneske vel å flytte frå bygda og til meir sentrale strøk. Samstundes er det nokre som vel å flytte andre vegen, som gjerne vil bu på bygda og skape seg eit liv der. Men dei fleste flyttar ikkje på landet for å bu i leilegheit, rekkehus, eller på ei tomt på under eit mål. Dei ønskjer seg plass, gjerne eit småbruk, ein gard eller ein stor einebustad. Nokre drøymer faktisk om å drive gard med dyr. Men det er vanskelig å halde på med sau utan gard. Når ein veit at over 115. 000 gardsbruk har vorte nedlagt sidan 1970, burde det vere moglegheiter for å skaffe seg ein plass. Men diverre, og merkeleg nok, er det få gardsbruk for sal.

Det er derimot nok tomme gardar rundt omkring. Svarte, tomme vindauge som gapar mot naboane. Utmark og innmark som ikkje vert halde i hevd. Ingen dyr, ingen menneske. Jo, forresten, kan hende eit og anna menneske sleng innom i ferien, klipper graset, malar ein vegg, og trur det held. Men det held ikkje, ikkje for oss som bur rundt. Vi prøver så godt vi kan å halde liv i lag og foreiningar, ha samhald, eit godt naboskap. Men det går sjølvsagt ikkje utan folk. Fastbuande folk.

Det er mange kjensler knytt til slektsgarden. Folk vel å behalde plassen og la han stå tom, framfor å la nokon få lov til å leve heile livet sitt der. Men når ein tek eit slikt val lar ein det meste av det forfedrane har kjempa og slitt for forfalle. Ein gard er så mykje meir enn bygningane som står der. Og utan folk og fe er bygningane berre tomme skal. Gardar og einebustadar er for fastbuande, hytter for feriegjestar. Du kan ikkje kome heim på ferie og forvente å gå på basar når det ikkje lenger er folk til å stelle i stand basar.

Eg har ei bøn, sel garden. Du kan velje til kven. Sørg for at plassen får nytt liv, og at vi andre rundt får naboar og godt naboskap, lys i vindauga og fleire hender til å lage basar. For vi treng tilflytting og nytt liv.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags