Mat må vi ha – men kor frå?

Jenny Klinge.

Jenny Klinge.

Av
DEL

Vi gir deg alt om hvordan valget påvirker deg - KUN 5 kr for 5 uker

LeserbrevSenterpartiet ønskjer å sikre eit levande landbruk i heile landet og meir matproduksjon på norske fôrressursar. Regjeringa deler dessverre ikkje desse ambisjonane. I jordbruksmeldinga som regjeringa la fram for Stortinget før jul, står ordet «effektivitet» på nesten kvar side, medan sjølvforsyning ikkje ser ut for å vera eit viktig tema. Derimot er forenkling eit viktig poeng. Innan mange politikkområde er det rett å forenkle, men innan landbruket er det ein viktig grunn til ikkje å forenkle alle tilskotsordningar og ulike verkemiddel: Norske gardar er nemleg ikkje like. Ressursgrunnlaget er ulikt, og målretta (ikkje overforenkla) verkemiddel må til for å sikre drift på ulike stader.

Vi må importere noko mat. Sydlege frukter veks til dømes ikkje i det kalde nord, men det er unødvendig å leggje opp til å måtte importere stadig meir av matvarer som det er mogleg å produsere i Noreg. Dessutan er mattryggleik viktig, og norsk mat er trygg mat. Det er ein utruleg stor verdi i å kunne eta mat frå eit norsk landbruk der det er lite sjukdom, der dyrevelferda er høg og der medisin- og sprøytemiddelbruken er veldig liten i forhold til i andre industrialiserte land.

For å kunne sikre matproduksjon i heile landet for framtida, må vi også leggje til rette for eit levande landbruk i heile landet. Det handlar om at bonden må tene meir på arbeidet han legg ned, og at dei små og mellomstore bruka også skal ha eit godt inntektsgrunnlag. Å stå på bonden si side, er å stå på norske forbrukarar si side. Skal vi ha tilgang på trygg mat inn i framtida, trengst det eit løft for norsk landbruk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags