Aviser på papir og nett – eit hjartesukk…

Tor Helge Gravem.

Tor Helge Gravem.

Av
DEL

LeserbrevEg innrømmer det: eg saknar lokalavisa på papir no etter kvart som den kjem bort stadig fleire dagar. Det er vel vorte slik at det er mest gamle gubbar og kjerringar som les avisa på papir, men eg trur da at vi kanskje er dei som i alle fall les avisa. Eg saknar i alle fall å kunne bla opp i lokalavisa ved frukostbordet, noko som skjer sjeldnare enn før i takt med stadig færre utgåver på papir. Eg ser at redaktøren i A. A. melder at omlegginga har vore ein suksess og har medført nye abonnentar og det er vel bra for avisa. Men dei avislesarane som les det som står og ikkje berre skrollar gjennom dei på nett, bli taparane.

Eg forstår at det er praktisk for dei som bur litt «usentralt» i høve til den lokale andedammen at dei kan få avis på dagen, men er litt lei meg over at det er på bekostning av oss som framleis likar å få det på papir – innimellom. Trøysta for avisene er da at vi er ein utdøyande rase som blir borte om nokre tiår. Posten er jo heller ikkje, i alle fall ikkje det den var, må eg som gammel postmann berre konstatere.

Ei lite og ironisk ps.: eg har lurt på om det er for å kvitta seg med enda fleire brysame papirutgåver at avisa har uteblitt i postkassa no to tysdagar på rad. Torsdagsavisa har no komme da, - i alle fall til no.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags