Ferjeskamfylket Møre og Romsdal!

Illustrasjon.

Illustrasjon.

Av
DEL

LeserbrevMøre og Romsdal er einaste fylke som ikkje skal ha Autopass på ferjene. Fylket som er størst på ferjer og alltid har vore i front skal no sakke etter og bli eit sutrefylke. Om ikkje Fylkesutvalet tar seg saman og gå i front for å gjere Autopass betre.

Først og fremst solgte vi MRF/Fjord1 som blei solgt vidare til dobbel pris. Vi hadde nett eit ferjereiarlag og no sitt vi i klypa til ferjereiarlaga.

Autopass er bra fordi det blir gratis for passasjerar og det blir mindre arbeid med å billettere. Kapasiteten på ferjene vil auke opptil 30 prosent fordi fleire veljer å kjøre i lag eller ta bussen.

Autopass er dårleg fordi billettar og kort ikkje seier nokke som helst om info ein treng, og som ikkje kan brukast på fleire bilar, verkar unødig byråkratiserande for transportnæringa. Kan ikkje fylkesbyråkratar snakke med lastebileigarar?

Fylkeskommunen skal no handsame saka på nytt og spesielt for den Rødgrønne leiinga av Fylkeskommunen må dette vere politisk fallitt. Vi risikerer å ende opp som ferjeskam fylket! Kor grønt er det å seie nei til ei kapasitetsauke på ferjeflåta opp mot 30 prosent?

Kor rødt er det å ikkje sette ungdommane først? Kor rødt er det å ikkje prioritere dei eldre, dei utan bil og idrettslaga? Kor rødt er det å sette dei med mest ressursar først?

Kor grønt er det å ikkje prioritere samkjøring, dei som pendlar i lag og frivillige organisasjonar som kjøre i hopes? Kor grønt er det å ikkje prioritere dei etatane på Fylkeshuset som praktisera å reise i lag til møte og seminar? Kor grønt er det å ikkje prioritere dei politikarane som brukar fylkets eiga busselskap Fram til politiske møter?

Ser ein dette i lys av at dette er den Blå Blå Regjeringa sitt miljøvennlege tiltak ein ikkje vil ha, blir det patetisk når ein i perioden med Rødgrønn Regjering ikkje kom opp med forslag som sette miljøet og dei som tar miljøval først.

Autopass og Gratis for passasjerar er lovprist av miljørørsla fordi det minskar unødig bilkjøring og gjer det muleg for folk å handle miljøriktig. At lastebilane og næringslivet får mindre venting i kø er sjølvsagt eit pluss.

Møre og Romsdal er eit ferjefylke, og i hop med dei andre kystfylka er det å på sikt gjere ferjene gratis og elektriske eit politisk mål. Då er Gratis for passasjerar ein god start fram mot målet. Då blir det lite truverdig når leiaren i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal Kristin Sørheim SP seier at ho vil ha gratis ferjer. Men ikkje for passasjerar først!

Kan vi tru at Fylkesutvalet og Fylkestinget kan redde den siste rest av ferjestoltheit vi har att i Møre og Romsdal?


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags