Nordøyvegen: Å spele hasard med framtida til ungdommen

Av
DEL

LesarbrevVegprosjektet Nordøyvegen utanfor Ålesund blir svært dyrt, og fylkesadministrasjonen åtvarar. Dette kan få alvorlege konsekvensar for blant anna vidaregåande skolar i fylket. Det kan føre til nedleggingar, sentralisering og eit mykje dårlegare tilbod til ungdommen.

Fleirtalet i fylkesutvalget gjekk likevel nyleg inn for prosjektet. Trass i åtvaringane. Forkjemparane for Nordøyvegen TRUR dette skal gå bra likevel, og opererer med andre tal enn fylkesrådmannen. Vedlikehald av det som blir bygd trengst visst ikkje, så det treng ein ikkje rekne med. Til dømes.

Ein skal ikkje TRU om slikt. Ein spelar ikkje hasardspel med framtida til ungdommen vår. Her må ein VITE.

SV meiner det same her lokalt og på fylkesnivå, og seier nei til Nordøyvegen. SV sin fylkestingsmedlem Yvonne Wold har stemt nei til Nordøyvegen før, og vore ganske aleine om det. No har ho heldigvis fått fleire med seg. Det bør vere fleirtalet på fylketinget når saka skal opp om eit par veker.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags