Sp, Ap, SV og Høgre raserar vidaregåande skule!

Frank Sve (Frp).

Frank Sve (Frp). Foto:

Av
DEL

LeserbrevMed sine meiningslause kutt i vidaregåande skule, syner dei at ein gedigen administrasjon, opera og andre ting som slett ikkje er nødvendig, er viktigare enn ungdommen her i fylket.

I hovudutvalgsmøta for samferdsel, utdanning , kultur og næring vart vi alle vitner til at Sp Ap, SV og spesielt Høgre møtte aldeles uforberedt, men klart og tydeleg støtta dei omfattande kutta innan vidaregåande skule her i fylket. Verst var faktisk Høgre, som stemte for fylkesrådmannen sine kutt blindt, og støtta såleis ein gedigen overadministrert fylkeskommune som har både 2 og 3 gongar så mykje administrasjon som til dømes i Nordland fylke.

Men med tanke på kven som i realiteten styrer Høgre, så er det nok ikkje rart at dei vernar kvar ein einaste byråkrat på fylkeshuset på Molde.

FrP la fram vårt alternative budsjett, der vi i hovudsak verna vidaregåande skule samt hindra kutt i ferjedrifta. Dette er overhodet ikkje vanskeleg å gjere, men då må ein faktisk prioritere dei lovpålagte tjenestene her i fylket, og ikkje strø rund seg med pengar til tiltak som slett ikkje bør brioriterast.

Det er faktisk mulig å bruke haudet no, prioritere ungdommen og vidaregåande skule spesielt, framfor å synleggjer så brutalt at dei ulike politiske partia faktisk ikkje har «kløyvd boka» eller sakspapira til møta i hovudutvalga. Rett og slett ei skandale var dette, og i mine fire periodar i fylkestinget har eg aldri opplevd makan, der fagutvalget rett og slett abdiserte, unnlot å behandle utfordringane og berre skubba denne saka vidare til fylkesrådmannen og fylkesutvalget.

FrP har jobba svært mykje med saka gjeldande Omstilling 2020, og meiner at vi har behandla arbeidet fylkesrådmannen har levert med respekt. Overhodet ikkje enig i mykje av det som er levert derifrå, men å behandle månedsvis med arbeid derifrå slik fleirtalet gjennomførte ihovudutvalgsmøta, er rett og slett pinleg ! FrP har levert vårt alternativ, der vi er truverdige i det vi gjekk til valg på, og prioriterar vidaregåande skule og ferjedrift, men vi prioriterar ikkje område på område som er kjekt å ha, og ein altfor stor administrasjon.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags