«Sp sitt mål ved dette lokalvalet er kampen for makt og beslutningar meir nært folk, til kommunar og til fylket»

Kristin Sørheim: Sp sitt mål ved dette lokalvalet er kampen for  makt og beslutningar meir nært folk, til kommunar og til fylket.arkiv

Kristin Sørheim: Sp sitt mål ved dette lokalvalet er kampen for makt og beslutningar meir nært folk, til kommunar og til fylket.arkiv

Av
DEL

LeserbrevOm få dagar er det kommune- og fylkestingsval, men det meste dreier seg om rikspolitikk. Dersom debatten hadde handla om korleis rikspolitiske saker skal bidra til lokaldemokratiet hadde det enda gått an. Men slik er det ikkje.

Sp ser dette lokalvalet som avgjerande for framtida til fylke som eige forvaltningsnivå. Dersom Møre og Romsdal og andre fylke ikkje får fleire oppgåver, meir sjølråderett og eit betre inntektsgrunnlag, er fylkeskommunen som forvaltningsnivå ikkje liv laga. Resultatet blir to forvaltningsnivå og ei brutal kommunesamanslåing. Det betyr ei sentralisering av arbeidsplassar, av offentleg og privat kapital og sentralisering av makt. Det betyr enda meir sentralisering av utdanning og forsking, av helsetenester, politi og forsvar.

Norske kommunepolitikarar har i årevis reist på studietur til Danmark for å lære om kommunereform og målstyring og New Public Management. I kortreiste Danmark snur sosialdemokratane no og går andre vegen. Dei ser at reformene har utarma landsbygda og småbyane og skapt større skilnader mellom folk og ein uheldig kapitalkonsentrasjon. I Norge går H til val på ny fart i kommunesamanslåing og sentralisering ved dette lokalvalet, om nødvendig ved tvang (ref. Vetle Vang Solheim). Verken H eller Ap vil vere med og snu styringa av helseføretaka. Regjeringspartia vil heller ikkje gripe inn og stoppe nedlegging av fødeavdelingar, traumebehandling, rehabilitering, eller sørge for investeringsmidlar til sjukehusa. Dei viser til «styret».

Politiet skal sentralisere fleire oppgåver, lensmannskontora som fungerte godt og billeg, skal anten leggast ned eller tappast ytterlegare for funksjonar. Trafikkstasjonar som er veldrivne og viktige for folk i kvardagen skal avviklast. Kommunar og fylkeskommunar skal ha tronge økonomiske rammer. Og nei, det er ikkje rett at det aldri har vore så god økonomi – i forhold til oppgåver og behov. To tekniske knep syner bra rekneskapstal i 2018: Ei eingongsutbetaling for havbrukskonsesjonar og ei endring i aksjeskattelova som gjorde at skatteinngangen vart unormal stor akkurat i 2018. Temperaturmålaren på kommuneøkonomien er når budsjetta skal lagast, og det ser svært vanskeleg ut både i små og store kommunar og i alle fylka.

I valkampen har vi reist rundt og snakka med folk og sett og drøfta utfordringane. Sentraliseringa rammar ikkje berre landsbygd og utkantkommunar, men også byane våre. Dette er ikkje berre ei naturlov eller ein trend, men også politisk styrt, med økonomiske og juridiske verkemiddel.

Sp sitt mål ved dette lokalvalet er kampen for makt og beslutningar meir nært folk, til kommunar og til fylket. Det vil sikre busetting og sysselsetting best. Avgjerder blir tekne av folk som kjenner fylket vårt. Vi har eit fantastisk fylke, eit komplett fylke, eit stort nok fylke. Vår viktigaste jobb blir å arbeide hardt for at næringsliv og offentlege institusjonar skal få rettferdige rammevilkår – før det er for seint.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags