Næringsutviklingsarbeid i Sunndal

Av
DEL

LeserbrevNæringsforeninga i Sunndal inviterte i går til frokostmøte med næringsutviklingsarbeid som tema.

Det var innleiarar og paneldebatt. Ein av innleiarane hevda bl.a. at det vart ikkje penger av lokalmat og sauehald.

Sunndal Senterparti er derimot av den oppfattning at ein må stimulere og markedsføre gardutsal og lokalmat, natur-kulturbaserte opplevingar og reiseliv. Det kan nemnast at Mosbøen gard i Øksendal er eit prisbelønna lefsebakeri.

Beitedyr inklusivt sau som landskapspleiarar er samfunnsmessig viktig for kulturlandskapet og reiselivet.

Sunndal er ein industrikommune med hjørnesteinbedrifta Hydro Aluminium. Vi meiner det er særskilt viktig i vår kommune å stimulere til nyskaping, utvikling av eksisterande verksemder og anna gründerverksemd. Alle næringer er i utgangspunktet like viktige

Den som tør, og har kraft til å starte eiga bedrift, eller utvide eksisterande foretak må vi framsnakke og møte med ei positiv haldning.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags