Når naturen ikkje er noko?

Av
DEL

LeserbrevDet har oppstått eit snodig problem. Det er ein snøhaug som veks på parkeringsplassen til eit butikksenter. Slik har det ikkje vore før. Kva slags toskeskap er det?

Det har noko med å utnytte areal til siste frimerke å gjere. Ola veit at når grensa mot Kari går i asfaltkanten, då blir det ufred viss Ola måker fri asfalten og skubbar haugen bort på plassen framfor garasjen til Kari. Sjølv tiåringen til Ola har fått med seg at det er slik. Viss Ola talar med Kari, så kan det hende at snøhaugen kan få ligge på plenen, fordi det er greitt og at det er avtala. Kan hende mot raking av plenen og eit fenalår som betaling for ulempa.

Det er mange som tenkjer om naturen at det er ingen og ingenting. Dermed blir naturen oversett og overkøyrd. Når då naturen plutseleg seier frå, så tykkjer folk det er rart. Det er i grunnen det som er mest rart.

Når ein har praktisert å vere vel påtrengande i årevis, burde ein kanskje heller be om orsaking enn å meine at ein kan halde fram med ein ugrei praksis?

Gjer det noko at det kjem litt sand inn i eit naturreservat? Når kommunen soper gatene til våren, så får dei ikkje lov til å tømme det som blir sopa opp kvar som helst. Vil dei bruke strøsanda opp igjen, så må oppsopet vaskast først, og vaskevatnet må reinsast. Viss snøhaugen blir liggande på asfalten til han tiner til våren, så kan de sjå etter kva som blir igjen når snøen har tint vekk. Det bruker å vere nok til at ein arkeolog vil få ein god dag om tusen år. Ein annan ting er at ein elveos består mykje godt av sand, og problem oppstår viss sanda av ein eller annan grunn blir manipulert til å ligge på feil plass. I eit naturreservat i ein elveos er det elva og ikkje butikksenteret ved sidan av som skal bestemme kvar sanda skal få fare.

Når Hans er på eine sida av grensa og Naturen er på den andre, så er det like greitt å sjå på desse to som omtrent like mykje. Det går ikkje an å oversjå Naturen, sjølv om han ikkje er akkurat slik som oss, eller bestandig er så lett å sjå eller forstå. Naturen held seg til naturlovene, og det må vi finne oss i.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags