Tømmer eller betong?

Av
DEL

LesarbrevAura Avis melder at Sunndal kommune vil løyse toalettbehov der folk parkerer for å kome seg til fjells. På slike stader finst det mange verdige trengande, så det er bra det blir ei løysing.

Sunndal Reiselivsforum nytter høvet til å vere kule. Men dei er alt anna enn miljøvennlege, og reiselivsverksemda er mellom dei som må ta skeia i ei anna hand, så miljøet ikkje går i dass.

Betong er eit dårleg byggemateriale miljømessig når ein ikkje treng å bruke betong. Glas er ikkje så mykje betre. Det er eit framifrå materiale viss ein vil sjå gjennom eit tett hol i veggen, men det er jo kanskje ikkje det som er det store behovet i eit toalett. Aluminium er litt meir resirkulerbart, men bortsett frå det så er heller ikkje det særleg miljøvennleg når det ikkje er bruk for materialet sine eigenskapar. Tømmer hogd og brukt på ein høveleg måte inngår derimot i det naturlege kretsløpet.

Vi håper elles at torva til taket ikkje blir tatt frå ei blomstereng. Vi vil heller ha blomsterenga der ho er. På taket kan ein like gjerne bruke fjøler. Så slepp ein også å jage geit oppå taket for å halde skogen unna det etter kvart.

Når reiselivsforumet foreslår betong, glas og aluminium til erstatning for tømmer, då er vi langt unna dei gode og langsiktige løysingane for vår klode. Det er lite hjelp i å vere kul då.




Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags