Pensjon og politikarlønn

Erling Outzen

Erling Outzen

Av
DEL

MeningerFleirtalet i Stortinget vedtok 20. juni 2019 å gi seg sjølv ein lønnsauke på over 30 000 kroner. Lønningane for politikarane på Stortinget blir da nesten ein million i året. For regjeringsmedlemmene godt over millionen.

Fleirtalet i den same forsamlinga godkjente tidlegare i år eit trygdeoppgjer som ifølge NAV gir gifte eller sambuande minstepensjonistar ein auke på 35 kroner i månaden.

SV si stortingsgruppe foreslo derfor ein auke i politikarlønningane på akkurat det same kronebeløpet som pensjonistane fekk. 35 kroner meir i månaden. Ikkje ei krone meir enn det.

Men dette forslaget blei nedstemt.

Berre dei sosialistiske partia SV og Raudt gjekk imot den store lønnsauken til stortingspolitikarane.

Dei andre partia stemte for lønnshoppet til politikarane på over 30 000 i året. Det gjorde altså Høgre, Frp, Venstre, KrF, Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Eg berre nemner det.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags