SV er eit godt alternativ for oss fagorganiserte

Av
DEL

MeningerSmå lønnsforskjellar og eit velorganisert arbeidsliv gir eit betre samfunn for alle. At norsk arbeidsliv tradisjonelt har vore trygt, kjem av ei sterk fagrørsle som sørger for gode avtalar og lovreguleringar. Vi må legge til rette for at fleire arbeidstakarar skal organisere seg og for at den norske arbeidslivsmodellen med medråderett og sikkerheit for arbeidstakarane blir styrka. Vi må forsvare og vidareutvikle det kollektive avtalesystemet. Fagorganisering og faglege rettar er grunnlaget for eit anstendig arbeidsliv.

Partiet SV vil ha eit arbeidsliv med trygge rammer, medråderett og små lønnsforskjellar. Til no har den norske modellen, i form av trepartssamarbeidet mellom arbeidarane, arbeidsgivarane og det offentlege, bidratt til å gi oss eit betre arbeidsliv. Men no er denne norske arbeidslivsmodellen trua. Useriøse aktørar gjer at svart arbeid veks fram, andelen fagorganiserte går ned, og EØS-avtalen fører til ei svekking av rettane til arbeidstakarane. Samtidig har regjeringa svekka arbeidsmiljølova og arbeidarvernet. SV vil forsvare dei tilkjempa rettane i arbeidslivet ved å kreve norsk lønn i Noreg, anstendige arbeidsvilkår for alle og ein uavhengig politikk overfor EU.

SV vil blant anna reversere svekkinga i arbeidsmiljølova, forsvare normalarbeidsdagen, auke skattefrådraget for fagforeiningskontingent, styrke kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, få dei kommersielle bemanningsbyråa ut av arbeidslivet og avgrense innleige av arbeidskraft. Vidare vil SV ta i bruk reservasjonsretten i EØS-avtalen mot alle EU-direktiv som kan svekke faglege rettar, ha norske arbeids- og lønnsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel og generelt forsvare det kollektive forhandlingssystemet og streikeretten.

Det er i år 100 år sidan 8 timars normalarbeidsdag blei innført her i landet, etter sterkt og langvarig press frå fagorganisasjonar og sosialistar. Det er ingenting som har komme av seg sjølv, verken 8-timarsdagen eller andre framsteg for vanlege folk. Vi kan ikkje ta noko for gitt, vi må kjempe for dei rettane vi har eller vil ha. Alle bør fagorganisere seg, og stemme sosialistisk. SV er eit godt alternativ for oss fagorganiserte.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags