Sjølvsagt skal vi ha skolegudsteneste!

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Leserbrev Sju av ti nordmenn meiner at rektorar bør legge til rette for at elevar bør få gå på skolegudsteneste før jul. Det går fram av ei spørjeundersøking  InFakt Norge AS har gjort. Det er reint fleirtal for skolegudstenester i alle aldersgrupper, i alle regionar og mellom begge kjønn.

Statsminister Erna Solberg seier “at dagens system for opplæring i skolen og deltakelse i skolegudstjenester ligger fast.”  Ho understrekar også at det skal vera frivillig for elevar å delta på ei julegudstjeneste.

Ho omtalar det også som “rart” og “en liten unnlatelsessynd” dersom skolane droppar skolegudstenesten. Denne aktiviteten er mellom dei tinga borna har godt av å oppleva og å vera tilstades på.

Eg er og svært einig i det Statsministeren sa i Stortinget, at vi blir meir tolerante og meir opne ved å vera trygge på eigne verdiar og vår eigen historie.

Mange nordmenn er bevisste på at dei ønskjer å bevare kristen tru og kultur.  Dette er enno noko av grunnfjellet i den norske folkesjela. Fleirtalet av innvandrarane støttar òg oppunder at vi må ta vare på det som har gjort landet vårt så bra. Kvar skulle dei elles flykte frå terror? Kva for plass skal den kristne julebodskapen ha for oss i jula? Dei materielle verdiane har etter kvart fått stor betydning. Blir den kristne julebodskapen borte, vil vi miste noko svært vesentleg. Det er eit svik mot den oppveksande generasjonen. Skal borna våre no eller ein gong i framtida ta eigne val om tru, må dei først veta kva den kristne trua og gudstenesteliv inneheld. Det er å ta borna på alvor!

Juleevangeliet om Jesu fødsel høyrer med til denne kunnskapen. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken