Jerven, kulturlandskapet og forvaltinga

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeningerKåre Sigurd Langseth, Sunndal Sau og Geit/Sunndal Beitelag har gitt Naturvernforbundet eit tilsvar på vårt tidlegare innlegg om prioriterte område for jerv. Tor Helge Gravem tar også opp nokre moment om temaet.

Det er såpass mange spørsmål som er tatt opp at det trengst nok eit heilt temamøte om saka. Naturvernforbundet skal meir enn gjerne kome nærare inn på ein del av dette i møte med beitenæringa. Inntil då er det eit par ting som må kommenterast.

I samband med revisjon av forvaltingsplanen sist i 2012 tok rovviltnemnda Trollheimen ut av området prioritert til yngleområde for jerv. Det var beste sauebeiteområdet i Noreg, blei det sagt. Med den følgje at området som var igjen til jervyngling i Møre og Romsdal, dvs. område på sørsida i Sunndal, Nesset, Rauma og Norddal måtte ta ansvar for alle tre ynglingane aleine. I heile perioden sidan 2012 har det vore ein dragkamp om også å ta Trøndelag sin del av Forollhogna ut av yngleområdet for jerv der, med same grunngjeving, Forollhogna er det beste beiteområdet i Noreg. Det går igjen, det er alltid spørsmål om å redusere områda der rovdyra skal få vere rovdyr. Det kjem aldri forslag frå beitenæring eller rovviltnemnd om å legge inn nye areal til rovdyra sin disposisjon.  

Når Refstie no truleg vil ha Sunndal sørside ut av dette prioriterte området fordi det er eit av dei aller mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg, så må vel bøndene sørafor rekne med å ta over ansvaret for dei tre jervynglingane. Beiteorganisasjonane i Rauma var lite begeistra for endringa i 2012, og truleg har ikkje dette endra seg. Rauma har også kulturlandskap med betydelege biologiske verdiar, ikkje ulikt dei i Sunndalen.

Elles er det stadig stort engasjement for å jakte på dei ulike rovdyra. Skulle det bli ei yngling meir enn det er mål om, så kan ein vere sikker på at det er eit intenst arbeid for å få fjerna «overskotet». Dei åra ein ligg under ynglemålet, finst det ikkje så mykje som ein politikar som engasjerer seg for å auke bestanden slik at ein kan nå målet. Det endå rovviltforliket seier at ein skal arbeide for å nå ynglemålet, og gjer ingen skilnad på om ein ligg over eller under målet. 

I Møre og Romsdal har ein slitt med å nå ynglemålet sidan 2012. Først i 2016 hadde ein 3 ynglingar innafor området som er prioritert for jerven. Med gjennomsnitt på ei årleg yngling i dette området dei siste åra, er truleg jervbestanden ein del lågare enn det dei 3 ynglingane vanlegvis tilseier. Det er difor høgst naturleg å spørje om kva beiteområde som skal inngå i yngleområdet for jerven viss Sunndal sørside blir tatt ut. Naturvernforbundet inviterer gjerne beitenæringa til å seie noko om dette, i tillegg til at ordførar Refstie som har reist saka bør kunne svare. Vi spør fordi vi trur at politikarane også denne gongen vil ta noko ut, og ikkje få noko inn igjen i staden for det som skal ut.

Fagsamling kan opplevast på forskjellige måtar. I november 2011 var Naturvernforbundet invitert til ei slik fagsamling på Åndalsnes. Vi fekk forståing av at dette var ei fagsamling som gjeld rovdyr og forvaltinga av dei. Vi skulle også halde eit innlegg i løpet av samlinga, ut frå vår ståstad. Første dagen gikk, med tema som korleis jakte meir effektivt, er SNO sine tal om bestand for låge, kvar er rovdyra osb. Dette var innlegg som sto i programmet. Vi fann ikkje noko tilsvarande for vårt innlegg. Då eg spurde etter endt dag, fekk eg opplyst at resten skulle få høve til innlegg dagen etter. Då det var knappe ti minutt igjen til lunsj og heimreise, fekk eg spørsmål om eg ønskja å seie noko frå Naturvernforbundet. Som den einaste under dette fagmøtet sa eg då noko om kva plass rovdyr har i eit økosystem. Der er det nokre spørsmål som kan eigne seg å ha dialog om. Så hasta vi til lunsj og drog heim. Det står att å ta dialogen om kva meining det kan vere med å ha store rovdyr i eit økosystem. På dette dialogmøtet fekk altså Naturvernforbundet først spele inn til dialog som siste post og utan tid til samtale før folk gikk heim. Det er mogleg resten av forsamlinga tykkjer dette er dialog, men vi hadde ikkje den opplevinga. Når vi spurde om det ville vere same opplegget på fagsamlinga no i januar, så var det veldig tydeleg at det var meininga. Når fagmynde i beitenæringa og rovdyrforvaltinga inviterer oss til dialog, men ikkje gir plass til den delen av dialogen som kjem frå oss, så seier det oss at vi blir oppfatta som eit hår i suppa i denne samanhengen. Det er aldri lett å vere ein stad der ein får kjensle av ikkje å bli tatt på alvor og blir invitert av plikt. Når ein bruker av fritida for å møte opp slike stader, er det gjerne ikkje så rart at vi valde å bruke tida vår på noko anna.

Det er mogleg beitenæringa opplever konfliktnivået i rovdyrsaker som litt mindre no enn før, men då er det gjerne kontakten med fylkesmannen som har litt lågare temperatur. Men det er ganske mange utanom beitenæringa som undrast veldig over det som skjer. Dei opplever nok konflikten kring rovdyr som minst like stor som før.  Konfliktnivået blir ikkje mindre av å koste dette under teppet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags