Refstie sine rovdyr?

Tor Hel­ge Gra­vem.

Tor Hel­ge Gra­vem.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevEin kommentar til Øystein Folden.

I avisa laurdag har Ø. F. eit innlegg. Der stiller han ordførar Ståle Refstie ein del spørsmål vedrørande hans innspel om ein meir fleksibel rovdyrpolitikk. Innlegget har ein ironisk tone som eg ikkje tykkjer særleg om, men med ein del synspunkt som likevel bør kommenterast og imøtegåast. Ser at han i dagens avis får eit godt og fyldig svar frå Kåre Sigurd Langset frå sauenæringa, men slenger meg likevel på med mine synspunkt.

Det er særleg tilhøvet til kulturlandskapet som eg uroar meg for, ikkje minst når Ø. F. snakkar om ei kunnskapsbasert tilnærming før han så belærer oss om korleis ein best skal skjøtte dette landskapet. Ikkje betre enn eg kan forstå, så er kunnskapen om dette landskapet og skjøttinga av dette, best blant dei som brukar det med beitedyra sine. Eg har sjølv gjennom vel 60 år sett korleis utviklinga har vore, og kva det er som har bremsa den attgroinga vi ser.

Det blir det hevda at sauen er lite positivt for dette landskapet og at det er beite med storfe og gjerne geit som må til. Eg er enig i at vi gjerne bør ha meir av dette, men vi må ikkje la det beste bli det godes fiende. Eg går relativt ofte i dei ganske lange beitevollane i Grøvudalen, som er meir prega av beiting enn slått, og eg er viss på at sauen og er med på å oppretthalde dette. Så ser vi det gledelege i at eit bruk som har satsa på sau dei seinare åra, også tek til seg ei besetning med ammekyr og ungdyr som i år har beitt i dette landskapet i tillegg til ein del andre ungdyr/kalvar. Sauen er den som held busetjinga oppe, så utan den ville nok også storfeet i dette tilfellet forsvinne.

Dersom ein vil sjå korleis det går med mindre beiting, så vil eg anbefale at ein ser på Reppdalen. Der har det vore mindre beiting og meir attgroing i eit landskap som i utgangspunktet har hatt mykje til felles med Grøvudalen sjølv om storleiken er ulik.

Eg vil også hevde at det må vera mykje verdifullt for miljøet at dette landskapet blir nytta til å produsere mat på ein svært bærekraftig måte på vårt finaste fjellbeite i ei verd som svelt i staden for å importere den frå andre sida av jorda.

Når Ø. F. dreg fram korleis ein klarte seg med beitedyr for 200 år sia så må det vel seiast at vi knapt har noko ønske om å komma dit. Eg veit ikkje kor kunnskapsbasert det sparket til beitenæringa er, men gjeting som på 1800-talet har nok vist seg vanskeleg å gjennomføre og tilhøvet til rovdyra var nok eit heilt anna enn i dag. Da var det knallhard kamp for å utrydda mest muleg rovdyr, ein langt hardare kamp enn i dag og ein kamp som nær hadde lykkast.

Eg hadde for ein god del år sia eit innlegg om tilhøvet rovdyr/beitedyr for ein stortingskomité, faktisk i eigenskap av tillitsvald i Naturvernforbundet. Der tok eg utgangspunkt i NNVs daverande syn i saka (landstyrevedtak NNV 1996) og la fram argument for satsing på beiting med sau og andre husdyr i  utmark og at det må satsast på regulerande tiltak også på rovdyra. Eg fekk vel både kjeft og ros for det, men eg er lei for at ein frå NNV si side har blitt meir ekstreme i sine synspunkt dei seinare åra, noko som har gjort at eg ikkje lenger føler meg heime der.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags