«Eg er ikkje på nokon måte tilhengar av Frp, men i denne saka er eg heilt på linje med Sve»

Av
DEL

LeserbrevI Aura avis les eg eit innlegg frå toppkandidatane for Ap på fylkestingsliste.

Eg synest at innlegget er skreve i ei kverulerande forn. Forfattarane vil ha folk til å tru at Frank Sve, ein erfaren og vel utdanna politikar, ikkje veit ansvarsfordelinga mellom dei forskjellige politiske og styrande nivåa i samfunnet. Han har nok minst like mykje greie på dette som skribentane. Frank Sve er svært aktiv i media og eg har lese mykje av dette og sikker også det som skribentane skriv utifrå. Men eg les fakta og ikkje mellom linjene og vridd på det der-i-mellom! Eg er ikkje på nokon måte tilhengar av Frp, men i denne saka er eg heilt på linje med Sve.

Det er Høgre og Arbeidarpartiet med fylkesadministrasjonen, Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten som absolutt vil drive fram «Møreaksen». Dei brukar til og med ein utvida arbeidsmarknad som argumentasjon. Kor mange vil bruke nær tusen kroner i bompenger og køyre ein «høgfjellsovergang» (rett nok med sumarføre heile året) kvar dag?

At Ap sine fyrstekandidatar til Fylkestinget klare å skrive dette stykket som handlar om «Rosdalsaksen» utan å nemne korleis Ap på fylkesplan stiller seg denne saka er heilt utruleg. Det må helst tyd at Ap er imot i at «Romsdalsaksen» skal utreidast.

Dette har vel sin bakgrunn i det dei skriv: «Fylkestingets sammensetning betyr svært lite.» Trur de verkeleg at ein statsråd frå vårt fylke kan stå i mot eit krav frå eit stort fleirtal i komande Fylkesting som vil ha «Romsdalsaksen» utreidd?

Fleirtalet i Fylkestinget vil indirekte bestemme om Romsdalsaksen skal utreidast. Stem derfor på dei partia som har eit klart utsagn i programmet om at «Romsdalsaksen» krevst utreidd!

Senterpartiet vil at «Romsdalsaksen» skal utreidast!

Romsdalsaksen må utreidast (og etter mitt syn byggast). Ein stor del av folket i Møre og Romsdal krev det.

PS: Om korleis dei milliardane kroner ein sparer skal brukast, kan ein nok fabulere om. Men ein eller annan stad kjem dei nok til god nytte!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags