Kristin Sørheim: Svar til BL Samhold om Fylkesveg 302

Av
DEL

LesarbrevDet er bra at BL Samhold tek opp spørsmålet om utbetring og omlegging av FV 302 igjen, og eg ser at både varaordførar Peder Aasprang og Gunnar Waagen er ute med svar.

Dersom vi skulle fått starta på omlegging av vegen i samband med RV 70-prosjektet, i alle fall fått lagt til rette for nytt kryss, måtte nyvegen ha vore regulert. Ny trasè vart lagt inn i kommuneplanen i førre periode, men dessverre er ikkje dette følgd opp med reguleringsplan. I og med at omlegging av FV 302 aldri har vore inne i nokon investeringsplan i fylket, måtte kommunen ta reguleringsarbeidet sjølv, for å løfte fram prosjektet. Det er slik mange kommunar arbeider for å få fram sine prosjekt. Tilbakemeldinga frå kommunen var så vidt eg veit at det ikkje var tid og ressursar til å ta dette arbeidet da. Så da står vi der vi står når det gjeld omlegging av vegen - inntil vidare.

På spørsmål til Statens vegvesen om anleggsperioden har påført ekstra stor trafikk og skade på vegen, er svaret at RV 70 har vore stengt så lite, at dei meiner det ikkje har hatt betydning. Likevel har eg teke opp det spørsmålet, og Staten vegvesen vil ta ei befaring og sjå om det er påført skader som må rettast opp. Vi har fått meldingar m.a. frå Røttingsnes og somme andre punkt. Det prinsipielle spørsmålet om kven som skal betale for skade og slitasje på ein omkøyringsveg er uansett viktig, og for fylket er det mange slike situasjonar når riksvegane blir utbetra. FV 302/RV 70 blir difor ein liten prøvestein.

Eit råd til kommunen er uansett å starte reguleringsarbeidet. Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i Møre og Romsdal er på 8,6 mrd kroner, og denne regjeringa ser ikkje ut til å ville prioritere dette. I juni stemte regjeringspartia ned forslag frå SP, AP og SV om auka løyvingar til vedlikehald på fylkesvegane og auka midlar til ferjedrift.



Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags