Svar til BL Samhold om Fylkesveg 302

Av
DEL

LesarbrevGjennom Aura avis etterlyser bygdalaget Samhold engasjement frå Tingvoll kommune. Dette er eit positivt innspel med mange spørsmål.

Før oppstart av RV 70 Tingvoll – Meisingset var eg som opposisjonsleiar med på eit møte der alle offentlege vegar inkludert trafikktryggingstiltak vart diskutert mellom kommunen og statens vegvesen. Eg spurde da blant anna om fylkesveg 302 kom til å bli bruka som omkøyringsveg for RV 70. Svaret var at den i liten grad skulle brukast, - men etter tilleggspørsmål fekk vi ei forsikring om at dersom den fekk ekstra slitasje så skulle dette utbedrast når RV 70 vart opna for uhindra trafikk. Vi veit i ettertid at den vart mykje bruka og det ser vi dessverre på dagens vegstandard.

Som ei oppfølging på dette stilte eg i siste kommunestyremøte den 13. juni eit «påminningsspørsmål» til ordføraren om at opprusting av fylkesveg 302 til minst standard før anleggstart av riksvegen var ein avtale og at prosjektet hadde ein stor ubrukt pengesum ! Ordføraren lovte da å ta dette opp med prosjektleiinga……

Dei andre utfordringane / spørsmåla som blir stilt frå bygdalaget er høgaktuelle, - og der er det nødvendig å leggja press på vegvesenet og på fylkespolitikarane for prioritering. Det er den til ei kvar tid sittande ordførar sitt ansvar.

Avslutningsvis er eg freista til å nevna at eg håpar at bygdalaget er glade for at KrF fekk «kuppet» formannskapet som det sto i avisa, - slik at det vart ei løyving på fem millionar kroner frå siste års overskudd til ekstra vedlikehald av kommunale vegar. I desse dagar ser vi resultatet av KrF sitt engasjement blant anna frå Skar og oppover….

Tingvoll KrF vil fortsatt aktivt stå på for ei positiv utvikling av heile kommunen vår !

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags