Kort om målavrøysting i bygdeskulane i Sunndal

Av
DEL

LesarbrevVi som bur her i bygdene på Nordmøre er nordmøringar, og vi talar nordmørsdialekt. Det er ein del av identiteten vår, og den er det verdifullt å ta vare på. Og tenk på den rike diktarskatten vi har her i distriktet.

Kyrkja eg soknar til, Ålvundeid kyrkje, har nynorsk i liturgien, og da fell det heilt naturleg at også skriftspråket i skulen er det same.

I vår tid har vi fått eit interessant innslag i skriftspråket vårt. Det er på mobilen. Her blomstrar ord og dialektuttrykk. Så da er det ikkje tvil om kva skriftspråk som er naturleg for nordmøringen. Og så er det noko som heiter språksans og språkøre. Det er evna til å høre at noko skurrar ved å uttrykkje seg på andre språk. For der er det ofte anna oppbygging av setningar og plassering av setningsdelane.

Nyare forskning viser og at elevar som har eit opplæringsspråk som er i samsvar med dialekta, gjer det betre i andre språk. Om du seinare i livet vel eit anna skriftspråk, så har dei i grunnskulen lært å uttrykkje seg på ein lett og naturleg måte. Så dersom skuleborna skal få den fordelen, så stem for fortsatt nynorsk i dei to skulekretsane.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags