Siste ord til Sve

Kristin Sørheim. (Arkiv)

Kristin Sørheim. (Arkiv)

Av
DEL

LeserbrevI 2017 stemte FrP og H for takstauke på 2 soner for 6 samband frå 2018. I juni 2018 stemte FrP og H for å innarbeide 2 soner takstauke i resten av sambanda frå 2020. Eit samrøystes fylkesting såg at vi ikkje greidde å finansiere dei nye kontraktane på annan måte. FrP eller H har ikkje foreslått å reversere dette.

Fylkesrådmannen viser til 180 mill. i underdekning i høve overføringane frå staten i 2020, utan takstauke. FrP stemte til slutt mot heile økonomiplanen, dvs. mot alt som skal gjennomførast i vårt fylke neste år. Men det betyr ikkje at vedtaket frå juni om å auke med to takstsoner er oppheva. Frank Sve hadde til slutt eit forslag om å bruke tunnelsikringspengar (der ein feil i statsbudsjettet heldigvis vart retta opp) – til å redusere ferjetakstane. Det er litt av eit skodespel å foreslå å bruke statlege løyvingar til å oppfylle pålegg om tunnelsikring til å kamuflere underfinansieringa av ferjedrifta, når vi manglar 1 mrd. for å få tunnelane lovlege før 2025.

Allereie i 2015 fekk vi ein forvaltningsrevisjonsrapport om ferjekostnader, som peika på stor underfinansieringa av ferjedrifta. Andre fylke legg fram liknande tal. Eg får seie som Sve, «alt dette veit du». Det er uforståeleg kvifor du brukar så mykje krefter på å hindre ei rettferdig fordeling av kostnadene med det «grøne skiftet», når du bruka så mykje krefter på å fjerne milliardar i bompengar i storbyane. FrP var for opera i april og er mot no, og vil bruke investeringsfond til ferjedrift. Og denne debatten fører ingen stad – i alle fall ikkje til betre vilkår for ferjebrukarane. Så eg set punktum for debatten. Men FrP kan stemme for forslaget som Sp har fremma på Stortinget, så får regjeringa gjennom både kulturhuset sitt, autopass og lågare ferjetakstar. Og det er ledige bompengemidlar i Oslo som kan omdisponerast.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags